Frist: 21. nov.

Politioverbetjentar (operative analytikarar) til Enheten for finansiell etterretning (EFE)

Vi skal no tilsetje to politioverbetjenter i fast stilling til analyseteamet vårt ved eininga for finansiell etteretning (EFE). EFE tek imot, analyserer og vidareformidlar finansiell informasjon som er knytt til mogleg kvitvasking, profittmotivert krimin

Vi er på jakt etter deg som

  • er samfunnsinteressert og følgjer med i nyheitsbiletet
  • kan handtere og analysere store mengder informasjon
  • kan skilje det viktige frå det uviktige og ser det enkle i det komplekse
  • er interessert i å setje deg inn i nye saksområde
  • likar å jobbe tett med andre profesjonar
  • viser initiativ
  • søkjer nye utfordringar og er uthaldande
    Arbeidsoppgåver
    • utarbeide operative og taktiske analysar i tråd med metodikk i politiet si etterretningsdoktrine
    • formidle etterretningsprodukt og utarbeide dokument i straffesaker
    • bidra i metode- og utviklingsarbeid
    • samarbeide med, og levere produkt til aktuelle samarbeidspartnarar nasjonalt og internasjonalt 
    • opplæringsverksemd internt og eksternt
    • utføre politioppgåver og utøve politifullmakt i ØKOKRIM sine eigne saker og bistandssaker
    Kvalifikasjonar
    • politiutdanning
    • erfaring som er relevant for arbeidsoppgåvene
    • å ha gjennomført studiet "introduksjon til etterretningsfaget" er ein føremon
    • særs gode IT-evner
    • må kunne klarerast til nivå hemmeleg 
    • særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk
    • god skriftleg og munnleg framstillingsevne i engelsk
    Personlege eigenskapar
    • svært gode analytiske evner
    • initiativrik og endringsvillig
    • oppteken av å utvikle eigen og andre sin kompetanse
    • svært god arbeidskapasitet og evne til å gjennomføre planar og oppnå resultat
    • evne og vilje til nært tverrfagleg samarbeid
    Vi tilbyr
    • sterke  og spanande fagmiljø i utvikling
    • utfordrande arbeidsoppgåver
    • tverrfagleg samarbeid 
    • gode høve til fagleg og personleg utvikling
    • godt arbeidsmiljø med inspirerande medarbeidarar
    • medlemskap i Statens pensjonskasse
    • fleksibel arbeidstid
    • trening i arbeidstida 
    • løn som politioverbetjent (stillingskode 0287), kr 546 000-667 200, i tillegg får alle politioverbetjentar førebels eit kompenserande tillegg for fritak frå arbeidsmiljølova

     Kontaktinformasjon, Merete Klingenberg, Seksjonssjef tlf 23291091

    ØKOKRIM er politiet og påtalemakta sitt spissorgan mot økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet. Vi arbeider for å verne velferdssamfunnet og det økonomiske systemet. Vi tek dei mest omfattande, kompliserte og prinsipielle sakene på dette området, og treng difor dyktige medarbeidarar som er opptekne av å utvikle seg gjennom tverrfagleg arbeid. ØKOKRIM held til sentralt i Oslo. Du må rekne med reiseverksemd i inn- og utland.

    Ei tilsetjing i politiet krev plettfri vandel, og ein uttømmande og utvida politiattest må innhentast, jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.

    Staten har eit personalpolitisk mål om mangfald bland dei tilsette, og vi ønskjer ei balansert samansetjing i kjøn og alder og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn. Som søkjar bør du merke deg at opplysningar om deg kan bli gjort offentlege, sjølv om du ber om ikkje å bli ført opp på ei offentleg søkjarliste. Søknaden med attestar og vitnemål skal registrerast i WebCruiter via lenka i kunngjeringa.


     

Gå til søknadsskjema
Til toppen