Snart tariff

Fullt køyr etter påske.

Publisert Sist oppdatert

Tariffopgjeret nærmar seg med stormskritt. 15 mars varopp­startdato i privat sektor. Og etter påske blir det fullt køyr i offentlegsektor.

Tariffarbeidet pågår heile året, men temperaturen stigekstra når det går mot vår og Teknisk berekningsutval (TBU) kjem med tala sinefrå det føregåande året. I tillegg får vi meir eller mindre velfunderte utspelfrå ulike prognosemakarar for kva lønnsveksten vil bli dette året.

Kravsprosessen i Unio er i gang, basert mellom anna påinnspel frå forbunda, styrebehandling og ein inntektspolitisk uttale, der detm.a. blir slått fast at Unio vil legge vekt på:

«En vid tolkning av frontfaget. Den samlede lønnsveksten ikonkurranseutsatt sektor legges til grunn når det forhandles om ramme og profili øvrige oppgjør. Heving av lønnsnivået for utdanningsgrupper i offentligsektor. Økt verdsetting av utdanning, kompetanse og ansvar for å rekruttere ogbeholde kompetent personell. Risiko må kompenseres. Likelønn og kamp motverd­set­tingsdiskriminering.»

Norsk økonomi er knakande god. Aldri før har så mange vore iarbeid.

Kapitaleigarane har styrkt sin posisjon og sine overskot.Lønnstakarane har ikkje i same grad fått ut sin del av veksten. Gjennomforhandlingane er målet at medlemmene får ein større del av del av detøkonomiske overskotet her til lands – av den verdiskapinga dei til fullemedverkar til. .

Kampen om kompetansen har spissa seg til. Det viser ogsåfjorårsveksten, der industrifunksjonærane nærmar seg femtalet. Dei siste femåra har veksten for denne gruppa årleg vore nesten eitt prosentpoeng over industriarbeidaren.

Lønnsutfordringane i politi- og lensmannsetaten er kjente ogveldokumenterte. Lønna er for låg – same kva for målestokk ein brukar. Debattenom kompensasjon for risiko er eigentleg uttrykk både for låg lønn og lågbemanning.

På dette tidspunktet i prosessen skal eg likevel nøye megmed å meine at eit nivå der femtalet kjem først er både fornuftig og naturleg.Eit Unio-krav på femtalet er ansvarleg. Og det er moderat i den forstand at detikkje vil skade norsk økonomi. Heller tvert imot.

I årets tariffoppgjer må kompetanse vere svaret, ikkjebilleg arbeidskraft.

Powered by Labrador CMS