Ny jobb i moden alder

Ein septemberdag i 2011 let eg att kontordøre på politistasjonen for siste gong.

Publisert Sist oppdatert

No for tida er det ikkje så uvanleg å byte jobb frå tid til anna. Mange av dei som er unge i dag, vil truleg ha ei rekkje med arbeidsforhold bak seg når dei vert pensjonistar. Slik har det ikkje vore for dei som høyrer til min generasjon. Mange har hatt same arbeidsforholdet gjennom heile livet. Eg har gjennom den yrkesaktive delen av livet hatt arbeidet mitt i politiet. 35 år vart det visst til saman.

Mange har undra seg over at politifolk kan pensjonere seg allereie frå fylte 57 år. Også eg undra meg over dette, men lover og reglar er til for å fylgjast. Ein septemberdag i 2011 let eg att kontordøra på politistasjonen for siste gong.

Å vere pensjonist er litt oppskrytt, var det ein kjenning som sa til meg nokre dagar seinare. Sjølv hadde han vore pensjonist i nokre år, så han visste nok kva han snakka om. Dei første vekene var det likevel kjekt å liggje litt lenger i senga om morgonen, og deretter nyte dagane utan å ha bestemte gjeremål. Trass i stor fridom vart det meir og meir keisamt å stå opp om morgonen berre for å setje seg i ein stol i stova for å sjå på frukost-tv. Etter at programmet var slutt for dagen, var tida inne for å gå opp til postkassen for å hente posten. Slik gjekk dagane, som etter kvart vart til veker. Vekene vart til månader. For å seie det stutt så vart livet på mange måtar rett og slett utan meining.

Ein dag vart eg merksam på at det var eit ledig vikariat som journalist i Vestnytt. Eg tok mot til meg, og søkte på den ledige stillinga. Nokre dagar seinare kom det melding frå leiinga i avisa om at eg var tilsett i eit vikariat, og kunne byrja allereie neste dag. Dette hende for eit år sidan. Eg er fortsatt journalist i Vestnytt, og eg trivst godt både med jobben og med kollegane i avishuset på Straume.

Det er mange likskaper mellom politiyrket og journalistyrket, men det er og mykje som er ulikt. Felles for båe yrka er mellom anna at det er krav til skrivekompetanse, ein må vere nysgjerrig og like å stille spørsmål. I tillegg bør ein vere utstyrt med ein stor porsjon med pågangsmot og ha gode kontaktskapande evner. Sjølvsagt er det skilnad på å skrive politirapportar i forhold til avisreportasjar, men den skilnaden er ikkje så stor som eg først trudde.

Ein stor skilnad på yrka er at eg som politimann ofte kom i kontakt med kriminelle miljø og kriminelle personar. Som journalist møter eg for det meste heilt vanlege og lovlydige menneske, og det er lettare og meir gjevande.

Som politimann måtte eg ofte bu meg på farlege, og mange gonger krevjande situasjonar. Rett som det var måtte eg ta på meg den skotsikre vesten og utstyre meg med våpen og ammunisjon. Som journalist er det berre å ta med seg eit fotoapparat og ei notatblokk før ein køyrer ut. Eg treng heller ikkje vere redd for å verta møtt av nokon som står med kniv i handa når ytterdøra vert opna. Sidan det sjeldan oppstår farlege og forstyrrande situasjonar i journalistyrket, kan ein rette heile energien inn mot det som er målet med turen. Det er heller sjeldan behov for omfattande risikovurderingar knytt til tryggleik i jobben som journalist i ei lokalavis.

Når ein har hatt eit yrke over lang tid, kan ein risikere å verte påført yrkesskadar av ulike slag. For min del har dette gitt utslag i at eg ofte ser farlege situasjonar, som andre «normale menneske» vurderer annleis. Opp gjennom åra har eg fått mykje peppar frå eigne barn og andre grunna ei unødig redsle for at det skal skje ulukker. Årsaka til at eg er vorten slik, kan nok forklarast med at eg opp gjennom mange år har etterforska veldig mange og stygge ulukker, og der skadeomfanget ofte har vore ille. Det var mange gonger triste og forknytte ansikt å sjå i etterkant av slike hendingar, og nokre av disse bilda har truleg festa seg til netthinnene mine for alltid.

Eg trur ungdommen gjer rett når dei byter jobb fleire gonger i løpet av yrkeskarrieren. Det burde kanskje eg og ha gjort på eit tidlegare stadium i livet. Likevel er det flott å få seg ein ny jobb i moden alder. Dei som er unge i dag, og som er omfatta av den nye pensjonsreforma, bør etter mi meining syne oppriktig glede for at dei får høve til å stå litt lengre i arbeidslivet.

Arbeid, det er livet det.

Teksten har tidligere stått på trykk i avisa Vestnytt.

Powered by Labrador CMS