Kollektive avtaler - hol i haudet?

Det er mangt å stridast om i tariffpolitikken. Alle oppgjerhar sin eigen dynamikk, og det er slett ikkje sikkert at resultatet alltid erlogisk. I alle fall ikkje for medlemmer, som ser resultatet, men ikkjeprosessen.

Publisert Sist oppdatert

Deisiste åra har vi sett ein tilspissa debatt om forholdet mellom kollektive ogindividuelle lønnsforhandlingar og -avtalar. Ein av dei fremste eksponentanefor individuell lønnsdanning har vore Akademikarane. Akademikarstreiken istaten i 2006 hadde sitt grunnlag m.a. i dette. Slik Akademikarane omtalarårets resultat, er også dette oppgjeret å sjå på som eit nederlag, sjølv om deitil slutt skreiv under avtalen.

Dette er kanskje også grunnen til atChristel Kvam overfor til publikasjonen «MandagMorgen» slår fast at «Det erhull i hodet at 4-5 mennesker skal bestemme kva resten av landet skal tene,slik det er i staten»(sic). Dette er mildt sagt ein underleg påstand. Ho veitsjølvsagt at forhandlingsordningane er langt breiare bygd opp, der mange erinvolverte. Men det er no ein gong slik at underskrifta til ein personforpliktar lagt fleire. Om Akademikarane etter fjorårets og årets forhandlingarser svake sider ved eigen strategi, er eit spørsmål som får henge i lufta.

Mennår folk flest får spørsmål om forhandlingsmodell, sluttar eit klart fleirtalopp om kollektive forhandlingar. I ei undersøking MandagMorgen presenterer gårdet fram at om lag to av tre meiner at avtalar om lønn og arbeidsvilkår førstog fremst bør forhandlast gjennom kollektive avtalar. Blant statleg tilsette erdet 71 prosent som vil ha kollektive avtalar, og i kommunesektoren er talet 80prosent.

Storpartenmeiner tydelegvis at forhandlingar om lønns- og arbeidsvilkår er for viktig tilat sjefen skal få det siste og avgjerande ordet. Rett nok vil 40 prosent av deispurde under 40 år at avtalar skal inngåast mellom den enkelte og sjefen. Vianar kanskje ei utfordrande generasjonskløft.

Isum viser likevel undersøkinga stor støtte til Unios politikk og strategi, derhovudelementet er kollektive forhandlingar - sentralt og lokalt. Fordelinga kan variere frå år til år. Istaten overtar no lokale tillitsvalde stafettpinnen, med 225 millionar kroner ipotten - minst.

Lukketil.

Powered by Labrador CMS