Ein draum om fagleg kvalifiserte leiarar

Det var ein gong ein russisk minister som besøkte Noreg. Russaren var ein respektert akademikar i heimlandet, med doktorgrad på området han var minister for og ei rekkje språk på cv-en.

Publisert Sist oppdatert

På Stortinget kom han i snakk med ein profilert norsk politikar om verdien av høgare utdanning. Nordmannen smilte, og fortalde at han sjølv hadde klart seg fint med folkeskulen.

Svaret forbløffa den russiske ministeren. I helikopteret på veg ut for å besøkje ein oljeplattform i Nordsjøen, tok han opp tråden med sin norske kollega og vert.

«Kva utdanning har du?», spurde russaren høfleg.

Ministeren kunne fortelje at jo, han hadde då gått på universitetet i over eitt år. Russaren såg stadig meir ubekvem ut jo meir han studerte riggen nede i sjøen. Då helikopteret hadde landa, kom plattformsjefen fram for å ta i mot dei prominente gjestene. Den russiske ministeren stira stivt på han, opna munnen og stilte eit kontant spørsmål:

«Har du utdanning?»

«Eg er ingeniør», svarte plattformsjefen forundra.

«Slava bogu!», kom det letta tilbake. «Gudskjelov!»

Historia over er gammal, men visstnok sann. I alle fall i følgje tolken som var med. Dessverre er den framleis relevant. Den viser eit problem med staten og vårt politiske system. Me får leiarar på øvste nivå i både politikk og administrasjon som manglar fagleg kompetanse.

Eg har ein draum. Draumen er at Norge skal styrast av folk med stor, djup og dokumentert kunnskap på feltet dei forvaltar. Tenk deg, sjefar som har fått jobben fordi dei faktisk er best kvalifisert! Ikkje fordi dei er kompisen til ein minister. Ikkje fordi dei har gått gradene i eit parti. Ikkje ein gong fordi dei har korrekt etnisk opphav, religion eller kjønn.

Niks. Dei har fått jobben av ein einaste grunn: dei er blant dei aller fremste på sitt felt.

Tenk deg ein miljøstatsråd med doktorgrad på klimaendring, ein kulturminister med relevant kompetanse frå kunst- og kulturliv. Eller kva med ein Nobelprisvinnar i økonomi på toppen i finans? Naturlegvis med leiarerfaring på toppen. Det skal vera vanskeleg å nå toppen. Kandidatane finst. I alle fall i andre land. Her i Norge har me dessverre sørgjeleg få. Fagleg sterke statsrådar blir gjerne skyfla vidare til område dei ikkje har peiling på.

Slik kan dei starte på botn igjen, stoldansen kan halde fram, og det faglege nivået haldast nede.
Rett skal vere rett. Det finst unntak. Me har til dømes hatt fleire utanriksministrar med stor kunnskap om internasjonale forhold.

Kvifor har min gamle draum om fagleg kvalifiserte leiarar vakna til live igjen? Det skuldast ein paperback eg og mange andre har lese i haust. Rapporten frå 22. juli-kommisjonen er den mest skremmande dokumentaren eg har lese på lang tid. Skremmande, fordi den viser svikt på svikt blant våre mest betrudde menn og kvinner.

Det er rystande når ein polititopp med ansvar for å setje i verk vårt terrorplanverk, seier han ikkje tenkte på terror då det small i Oslo. I så fall var han ein av særs få. Like nifst er det at den nye politidirektøren ikkje eingong visste om terrorplanane. Tar du i mot ein leiarjobb med ansvar i ein krisesituasjon, må du vite kva ansvaret inneber frå første dag. Eg vågar å tru at ein politisjef med operativ erfaring hadde visst akkurat det. At ein psykiater ikkje gjorde det, viser berre ein ting. Politidirektøren bør ha relevant fagleg bakgrunn.

Tidlegare leiar for Sårbarhetsutvalget, Kåre Willoch, spurde nyleg høfleg kvifor Janne Kristiansen i utgangspunktet blei vurdert som spesielt egna til å leia sikkerheitstenesta i politiet, PST. Kristiansen hadde utmerkt seg innan jus, men hadde inga erfaring med etterretning og antiterrorarbeid. Willoch hadde lese dokument frå 22. juli-kommisjonen. Der går det fram at både jurist Kristiansen og psykiater Mæland følte seg forvirra i rollene som PST-sjef og politidirektør.

For å bli ein dyktig general, må du ha vore soldat. Du må kjenne moglegheitene og avgrensingane i mannskap og utstyr. Du må kunne stille dei kritiske spørsmåla. Du må ha vore i operativ teneste, slik at du kjenner dine eigne reaksjonar under stress. Slik oppnår du den kunnskapen og autoriteten som trengst til å fungere som leiar når det smell. Til samanlikning.

Ingen ville finne på å velje ein advokat utan så mykje som førstegongsteneste til å vera sjef for vår militære etterretningsteneste. Godt er det. Jobbar med så stort ansvar krev særskilt kompetanse. Det nyttar ikkje om du er rasande flink i noko heilt anna. Petter Northug blir ikkje vald til kaptein på landslaget i fotball fordi han er best til å gå på ski.

Eg er klar over at utopiske dagdraumar er bortkasta tid. Likevel. Denne dukkar opp igjen og igjen.
Eg kan ikkje fri meg frå trua på at ein dyktig politisjef må ha vore politi. Eller at ein statsråd med relevant erfaring vil vera ein fordel for nasjonen.

Kanskje bør me snart stille krav om fagleg kompetanse også til dei med makt.

Innlegget har tidligere stått på trykk i Bergens Tidende

Powered by Labrador CMS