«Eg er mindre skråsikker i dag enn for tre år sidan om me framleis kan forsvara å ha eit ikkje væpna politi»

Tidligere PF-leder Arne Johannessen skriver kronikk.

Publisert Sist oppdatert

Mange ventar i spenning på den offentlege utgreiinga om politiet sin framtidige væpning. Utvalet har frist fram til 15. mars 2017. Mandatet er svært bra, og utvalet har ein brei og god samansetjing.

Håpet er at me får ein god og grundig rapport som dannar eit godt grunnlag for ein faktabasert debatt. Og ikkje minst at vi får eit godt grunnlag for den politiske debatten og endeleg vedtak i Stortinget.

Ein kan jo undra seg over at det har teke så lang tid med å få sett ned eit offentleg utval. Allereie i november 2014 tok eg i ein kronikk i VG til orde for eit breitt samansett offentleg utval. Debatten fram til no har vore for sterkt prega av synsing, sterke kjensler, og at nokon miljø meiner at dei har «eineretten» til å delta i debatten og «eineretten» på meiningar. Det har vore svært spesielt å oppleva tillitsvalte og einskilde personar i politiet som har hevda med tyngde at andre enn dei operative ikkje bør delta i debatten, og at dette må politikarane halda seg langt borte frå. Sånne innspel svekker eigne argument og avdekker dårleg samfunns- og demokratiforståing.

På denne bakgrunn vert det endå viktigare med eit felles faktagrunnlag som gjer at alle kan delta i debatten med full tyngde og som likeverdige partar. Og ikkje minst at Stortinget får eit godt grunnlag for å fatta vedtak ut frå.

Eit vanskeleg tema

Historia syner at dette er eit vanskeleg tema. Det er også eit tema der mange har hatt «glidande» standpunkt. Politiets Fellesforbund (PF) har hatt ei leiande rolle også i denne saka, som i så mange andre viktige saker i etaten. Eg har vore tett på tema og utviklinga av argumentane sidan Austbø- tragedien i 1998. Der vart to gode kollegar skutt og drepne av ein psykiatri pasient. Umiddelbart etter tragedien kom det politiske utspel frå Fremskrittspartiet om at tida var inne for permanent væpning av politiet. Dåverande leiar i Justiskomiteen, Kristin (Krohn) Devold (H), uttala at ho var i mot generell væpning, men den dagen politiet ber om det, vil det nok verta sånn.

PF hoppa ikkje på lettvinte argument og politiske populistiske utspel. Temaet og debatten har dukka opp kvar gong politi har vorte drepne i tenesta, eller ved store anslag mot samfunnet, som i etterkant av Nokas-ranet i 2005. Også der vart ein politimann drepen.

Etter Nokas-ranet var PF tydeleg på at tida var inne for å ha lagring av våpen i alle utrykkingsbilar i politiet. Kravet vart møtt med utsegn frå den dåverande politidirektøren om at POD ikkje ville ha ein politistat. Dette spesielle utsegnet kom i ein debatt med meg på NRK Dagsnytt 18.

Utsegnet avspeglar litt av POD sin manglande evne til å vera i framkant i denne saka. Det er spesielt at initiativet til den første og hittil einaste breie utgreiinga om dette spørsmålet kom frå PF i 2010. Professor Liv Finstad fekk eit oppdrag i lag med eit eige PF-utval. Saka vart handsama på landsmøtet 2011. Debatten om generell permanent væpning vart utsatt til landsmøtet i 2012 (mot 7 røyster). Då kom eit samla landsmøte med klare krav til lagring av våpen i bil, og endringar i våpeninstruksen. Det er oppsiktsvekkande at ikkje POD allereie på dette tidspunkt sette seg i førarsetet og tok initiativet til ein brei utgreiing.

Landsmøtet i PF fatta eit overraskande vedtak på 2012-landsmøte i Molde. 71 delegatar røysta for medan 53 delegatar røysta mot fast væpning av politiet. Når eg skriv at det var eit overraskande vedtak, så er det med bakgrunn i PF sitt gode forarbeid som synte fleirtal mot væpning i ein medlemsgransking og handsaming i lokallaga. Ikkje minst i forbundsstyret var i mot.

Debatten i denne saka har ofte skapt sterke frontar og eit enormt engasjement. Det er lett å forstå, for det vert ofte framstilt som om det handlar om «død eller liv». Som PF-forbundsleiar i 21 år, var eg dessverre med på for mange gravferder etter at politifolk hadde vorte drepen i tenesta. Konklusjonane var kvar gong at fast væpning ikkje hadde hatt betyding i desse tilfella. Men det er lett å sjå og argumentera for tenkte situasjonar der fast væpning kan ha ein avgjerande betyding. Det kan vera i høve til terror, ikkje minst «soloterroristar» som går etter politi og andre maktsymbol i samfunnet, men også i høve til psykiatriske pasientar, og andre som kan representera ein brå og uventa trussel.

Er fast væpning best svar?

Spørsmålet som då er viktig å stilla: Er det fast væpning av politiet som er det beste svaret for å løysa desse situasjonane, både i høve til samfunnsoppdraget til politiet og i høve til eigen- og kollega tryggleik.

Svaret kan også vera at det er andre tiltak som er viktigare. Endå meir fokus og arbeid med risikokartlegging, meir førebyggjande arbeid mot spesielle miljø, god situasjonsforståing og analyse, fleire politifolk til å løysa krevjande oppdrag og ein vidareutvikling av alternative metodar og løysingar.

EL-pistol må også vurderast som eit alternativ. Fleire land har gode erfaringar med bruk av EL-pistol. Ein må også vurdera om ein i spesielle situasjonar og oppdrag skal ha lågare terskel enn i dag til å væpna politiet. Kan den britiske modellen vera ein «gyllen middelvei»? I London er 9 av 10 bobbyar ikkje væpna, men dei har tilgang på væpna politi med spesialutdanning («Authorized Firearms Officers»). Denne modellen passar sjølvsagt ikkje over alt i vårt langstrakte land, men kanskje det kan vera differensierte ordningar? Alle veit at uansett kva politiet gjer av utvikling og førebuingar, vil ein av og til koma i akutte situasjonar med fare for at liv går tapt. Det ligg i yrkesrolla. Ein kan ikkje gardera seg mot alt og alle.

Eg har i alle år som forbundsleiar vore stolt over å representera eit politi som ikkje er væpna, særleg i møte med utanlandske kollegar. Det har vore fokus frå andre land i høve til at norsk politi løyser sine oppgåver på ein svært god måte med lite maktmiddel og svært lite våpenbruk. Dette ligg i den norske politirolla. Dette er verdiar og kultur som er verdt å ta vare på.

Eg er mindre skråsikker i dag enn for tre år sidan om me framleis kan forsvara å ha eit ikkje væpna politi. Samfunnsutviklinga og trugsmåla går i gal retning. Spørsmålet vert om me klarar å møta dette med gode nok kompenserande tiltak, som igjen kan forvara å ha eit ikkje væpna politi. Omsynet til å løysa samfunnsoppdraget og tryggleiken til dei tilsette må ha hovudfokus, sjølvsagt meir enn at det er «kjekt å ha» eit politi som ikkje er væpna.

Difor er det så viktig at me får ein brei og grundig utgreiing som tek opp i seg alle sider ved spørsmålet om væpning av politiet, også om det har innverknad på politirolla og oppgåveløysinga. Eg håpar at utgreiinga gjev eit godt grunnlag for ein nyansert debatt fram mot konklusjon. Ikkje minst er det viktig at alle debattantar får delta på like vilkår. Dette er ikkje eit spørsmål som bere vedkjem dei politioperative. Eg er villig til å møta utgreiinga med eit opent sinn og testa ut mine eigne «nei»-standpunkt og haldningar som eg har i dag.

Powered by Labrador CMS