ATB: På jobb, eller…

«Kvar er pappa», lurer ungane på. Når mor svarer: «Han er på arbeid, og kjem heim etter at de har lagt dykk», så er dette ein sanning med visse modifikasjonar.

Publisert Sist oppdatert

Rett nok er far på jobb, slik både han og mange andre ser på det, men ikkje arbeidsgjevar.

For i følgje arbeidsgjevar så er arbeidstida over, for oppdraget med å undersøke åstaden X antal mil frå fast oppmøtestad er avslutta, og turen heimover har starta. I PO-loggen står det at politioverbetjent Skrøppa har starta på retur og i TTA (Turnus Tjenestelister og arbeidstid) blir dette lagt inn som reisetid. For oppdraget var åstadsundersøking på ei branntomt der brannen var to dagar i førevegen, altså eit planlagt oppdrag.

Dersom heimturen har starta før klokka 21.00, så vil ikkje dette har noko å bety for oppmøtetidspunktet neste dag som er klokka 08.00. Om turen heim tek mange timar, og hovudet kanskje ikkje treff puta før langt etter midnatt, så tilsei dette at eg må opp til vanleg tid, og møter på jobb klokka 08.00. Verken særleg utkvilt og etterkvart ikkje lenger så veldig frisk.

Eg jobbar som kriminalteknikar i Sogn og Fjordane PD, og har fast oppmøtestad i Førde som ligg i driftseining Sunnfjord. Ein veldig spennande jobb, med mykje utfordringar, rikeleg med oppdrag og tidvis mykje reising til og frå åstadar. Per i dag er vi berre to som har dette arbeidsfeltet her i distriktet. Den andre jobbar i Driftseining Nordfjord, og er plassert i Stryn, 12 mil frå Førde. Det er ikkje uvanleg at ein av oss fort kan få tre timar i bilen til og frå eit åstad.

Det er også ein kjent sak at i bilen, til og frå oppdraget, så blir det tatt mange telefonar og ein diskuterar saka med andre kollegaer eller personar som er involvert i saka. Dersom dette heller ikkje er og ansjå som fullverdig arbeid, så er det vel på tide at eg slår av telefonen under køyring. Ein blir då utilgjengeleg for operasjonsleiar og andre kollegaer, men det for så være, eg har jo «fri»... I bilen ligg det også gjerne beslag som er tatt på åstaden, som skal med inn på kontoret for ei vidare vurdering.

Å feie alle under den same regelen med køyring til og frå eit oppdrag, og kalle det for reisetid er heilt meiningslaust. Å bli fråtatt rettigheiter som i utgangspunktet utløyser særkompensasjon og kompenserande kvile, berre fordi oppdraget som eg er tilsett for å løyse ligg mange mil ifrå oppmøtestaden min, vitnar som ein lite gjennomtenkt avtale og ein forståelse for andres arbeid som ikkje høyrer til i ein offentleg etat.

Viss enkelte av oss ynskjer å påta oss ansvaret med å drive med distriktsovergripande «operativt» arbeid, det vil seie at vi ikkje berre sit bak ein kontorpult og delegerar arbeidsoppgåvene, så får arbeidsgjevar også betale oss for at vi er i arbeid til arbeidsdagen er avslutta heilt og fullt.

Eg jobbar i eit distrikt som er stort geografisk sett. Vi har ingen motorvegar, men mykje veg utan gule linjer mellom køyreretningane, fjellovergangar og ein god del ferjer og ulike årstider som verkeleg set sitt preg på tidsbruken på vegane. Det seier seg sjølv at det tar tid å forflytte seg til og frå ein åstad/oppdrag. Hadde eg kunne fått nokon til å hente åstaden inn til kontoret mitt, så hadde eg sikkert bedt om det, med dessverre så lar det seg ikkje gjere innanfor mitt fagfelt. No ynskjer jo arbeidsgjevar (POD) at vi skal bli enno større, noko som fort vil medføre enno lenger reiseavstand. Eg må innrømme at eg ikkje ser så veldig fram til dette.

Eg kan sjølvsagt legge meg inn på hotell to-tre timar vekke, men synast det blir noko rart og unødvendig. Sjølvsagt blir dette gjort når arbeidsdagen er ferdig veldig seint og når eg føler at det ikkje er forsvarleg å køyre heim. Men er eg ferdig mellom klokka 15.30 og 19.00 på åstaden, så er det meir fornuftig, meinar eg, å køyre tilbake til Førde og overnatte i eiga seng.

Eit anna alternativ er sjølvsagt å reise frå åstaden etter eit par tre timars arbeid, slik at eg rekk heim innanfor ordinær arbeidstid. Så får eg heller reise tilbake til åstaden neste dag, og eventuelt dagen deretter. Det same vil også gjelde for samarbeidspartnera som eksempel vis DLE som bistår på brannåstaden.

For dei som har hatt førarkort i meir enn ei veke eller to, veit at det og køyre mange mil etter ein lang arbeidsdag, er alt anna enn kvile og behageleg. Eg kunne sjølvsagt også tatt buss tilbake til Førde, då kunne eg ha fått slappa av og kvilt meg. Neste dag må eg eller andre tilbake til åstaden for å hente bilen og få den og beslaget som ligg i bilen, trygt tilbake til Førde…

Moglegheitene er mange, men etter mi meining lite fornuftig, lite effektivt og dyrt – men heldigvis er det ikkje eg som har bestemt regelverket…

Ynskjer alle rundt om fine arbeidsdagar - uansett om det er på kontoret eller på «fritid» i bilen.

Powered by Labrador CMS