Konsolidering og kultur

Landsmøtetemperaturen i Stavanger var ikkje så brennheit som på Røros i fjor.

Den gongen var stemninga som ein felestreng frå start til slutt. Det var alvorleg nok denne gongen også, med både tilbakeblikk, oppsummering og framtidsvurderingar. Sjølv om mange var opptekne av ein del problem og manglar i kjølvatnet av «politiavtalen», registrerte eg også ein organisasjon som var fornøgd med innsats og resultat. Konsolidering og refleksjon prega landsmøtet, slik eg observerte det frå gjestebenken. Ein organisasjon kan ikkje vere i heilspenn heile tida.
- Vi må puste ut, som ein av delegatane uttrykte det.

Medan politistriden var på sitt mest intense, var det fleire som hevda at PF ville tape tillit og omdømme, ikkje minst i politiske miljø. Det har ikkje slått til. Tvert imot, landsmøtet fungerte nærast som eit kriminalpolitisk toppmøte. Justisministeren var der - i eit humør som minte lite om strid og konflikt. Og justiskomiteen var tungt representert både på gjestebenken og frå talarstolen. Og sjølvsagt var politidirektøren aktivt til stades. Under den joviale overflata var det likevel murring, mellom anna over arbeidsgjevars tolking og praktisering av avtalen.
Mottoet for landsmøtet var kultur - eit signal om å sette praksis og haldningar i etaten på dagsordenen. Sjølv var eg tilstades under i eit seminar der likestillingsombod Beate Gangås innleidde om likestilling og diskriminering i politikvardagen. Gjennom eksempel, dokumentasjon og spissformuleringar skapte ho engasjement og debatt. Ein debatt som viste vilje til forbetring, men også at nettopp det trengst.

Ei av dei store likestillingsutfordringane er mangel på likelønn. Kvinner tener i snitt 85 prosent av mannslønna når  vi ser arbeidslivet under eitt. I stor grad handlar dette om at lønnsnivået i privat sektor ligg godt over offentleg sektor. Unio vil syte for at likelønn blir eit hovudtema under tariff 2010 - heldigvis med eit sterkt PF i ryggen.

 

Tips en venn

Send!

Kreativ statistikkføring


Innretter statistikken etter hvordan politiet måles

Bildegalleri

Fotoserie


PHS-avslutning i bilder

Se fotoserie

Nyhetsbrev
Abonnere

Nyttige lenker