Politiet som mobbefri sone

Men dessverre så er ikkje kvardagen sånn.

Politiet som arbeidsplass burde vore mobbefri sone. Ut frå yrkesrolla, krav til etikk, menneskesyn og kunnskap om konsekvensar, så skulle me ikkje hatt tilsette som opplever mobbing/trakassering på arbeidsplassen. Men dessverre så er ikkje kvardagen sånn. Alt for mange har opplevd å verta mobba/trakassert på arbeidsplassen. PF sine tillitsvalte og vernetenesta kjem av og til bort i saker, det har også vore fokus på seksuell trakassering i Politiforum.
Ingen har forsøkt å få oversikt på omfanget av mobbing/trakassering i politiet. Før landsmøte i november ville difor PF ta ein liten undersøkelse i medlemsmassen. Alle medlemmer fekk eit spørjeskjema, ca 1/5 del av medlemmane svara (ca 2500). Det er ikkje spesielt mange, men til samanlikning treng ikkje MMI meir enn 1000 respondentar for å laga ein kvalitativ godkjent gransking i heile folket. 22 prosent av dei som svara sa at dei hadde opplevd mobbing/trakassering på arbeidsplassen, meir enn 50 prosent av dei hadde opplevd dette meir enn 5 gonger. Den vanlegaste mobbinga/trakasseringa var «tilsidesetting/utfrysing og usynleggjering».
Dette er alvorlege tal, og endå verre vert det når fleirtalet opplyser at det er ein overordna som er mobbaren.
Landsmøte til PF har sagt at i 2010 må me setta kulturen på dagsorden, det betyr sjølvsagt både i eigen organisasjon og i etaten. 2010 skal verta «etikkens år» uttalte landsmøte.
Det er godt å registrera at eit samla landsmøte seier at me skal ha fokus på politiet sin interne kultur, og då er sjølvsagt målet å gripa tak i det ein opplever som uønska kultur.
PF vil sjølvsagt samarbeida med leiinga i politiet, vernetenesta og andre organisasjonar for å få fokuset på dette viktige temaet.

Me startar allerede med fokus på dette under hovedarbeidsmiljøutvalet (HAMU) sitt møte 9. desember.
Kulturutfordringar kan vera mykje, som ein beordringskultur med sterkt misbruk av styringsretten, liten respekt for inngått avtalar mellom partane, medarbeidarar som har uakseptabel opptreden og omtale av kollegar eller leiarar, leiarar som misbrukar sin maktposisjon i høve til medarbeidarar, mobbing/trakassering som er basert på etnisitet, seksuell legning, sterke meiningar i strid med det «politiske korrekte», forskjellsbehandling og seksuell trakassering. Men også ein kultur som hindrar opne gode debattar og openheit, og i alt for stor grad sentralstyring både politisk og fagleg er utfordringar som må på dagsorden.

Ein kan og lesa ut frå granskinga at det ikkje er god nok kultur for å ta opp saker med mobbing/trakassering. Mange svarar at dei trur ikkje det kjem noko godt ut av å ta opp saka, men at det kan verta verre for den som opplever mobbing/trakassering.
Det betyr at ein først må skapa ein kultur som betyr at ingen aksepterar mobbing/trakassering på arbeidsplassen, og at dersom ein ser dette må ein gripa tak i det. Leiarar, tillitsvalte og vernetenesta har sjølvsagt eit særleg ansvar for å gripa tak i uønska adferd, men alle kollegar bør føla eit ansvar når ein ser at kollegar vert mobba/trakassert.
Målet må vera at ein i løpet av 2010 kan gjera politiet til ein arbeidsplass som er «mobbefri sone». Det er ein ambisiøs målsetting. PF har hatt ambisiøse mål før, og nådd dei, så det er ingen grunn for at ein ikkje kan nå dette målet, men i godt samarbeid med alle i politiet.

Eg vil nytta høve til å takka alle Politiforum sine lesarar for eit svært spesielt år i politiet. Året då PF verkeleg sette løns- og arbeidsvilkår på dagsorden, og fekk betre resultat enn nokon gong før i historia .

GOD JUL.

 

Tips en venn

Send!

Kreativ statistikkføring


Innretter statistikken etter hvordan politiet måles

Bildegalleri

Fotoserie


PHS-avslutning i bilder

Se fotoserie

Nyhetsbrev
Abonnere

Nyttige lenker