Meklingsinnspurt: ja eller nei?

Det nærmar seg meklingsinnspurt. Vil den pågåande «pensjons­meklinga» ende i nei og streik eller ei ja-tilråding overfor medlem­mene?

 Det får vi først vite natt til 27. mai, som er fristen meklingsmannen har for å finne løysing. Dei tillitsvalde vil i alle høve få ei nøkkelrolle når resultatet er klart.
I statsoppgjeret blei det brot både på grunn av lønn og pensjon. Største utfordringa er likevel dei framtidige pensjonsvilkåra for offentleg tilsette. Alle hovudorganisasjonane står bak eit felles pensjonskrav. Det illustrerer at mykje står mykje på spel for dei tilsette. I kjølvatnet av pensjonsreforma og den nye folketrygda, fryktar mange - ikkje minst yngre medlemmer - at tenestepensjonen skal bli dårlegare.

Eit viktig element i dagens offentlege tenestepensjon er at arbeidstakarane er sikra minst 2/3 av sluttlønna etter 30 års oppteningstid. Du kan få ein anstendig pensjon enten du har brukt mange år på å ta utdanning eller av andre grunnar har ei yrkeskarriere som ikkje rekk særleg over 30 år i det offentlege. Dette er også fundamentet for dei gruppene som har særaldersgrenser, slik som polititenestemenn. Sjølv om særaldersgrensene neppe blir tema i år, vil årets resultat bli svært viktig også for særalderspensjonistane.

I det verkelege arbeidslivet er det relativt få som lever opp til pensjonsreforma sin idealpensjonist som har lik inntekt i meir enn 40 år, men som likevel skal «stimulerast» til å stå «litt lenger» i arbeid. Offentleg sektor har eit høgt, og aukande, utdanningsnivå blant sine tilsette. Det er difor langt fleire av desse som har høgre alder ved yrkesstart enn i privat sektor. Dei store utdanningsgruppene nærmar seg i snitt 30 år før dei startar opptening for tenestepensjon. Politifolk er i gjennomsnitt også over 25 år ved avslutta politiutdanning. Dermed blir sjølve opptenningstida relativt kort, særleg fram til særaldersgrensene slår inn.
Det seier seg difor sjølv at for utdanningsgruppene er oppten­ingstida ei kjernesak. Det er dessutan eit paradoks at det synest langt fram til løysing når Stortinget har vedtatt at bruttoordninga med ein garantert pensjon på 2/3 av sluttlønna skal vidareførast.

I alle fall - store verdiar står på spel. Det handlar om sentrale rettar for dei tilsette - om det økonomiske grunnlaget for folk etter at yrkeslivet er over. Difor er dette ei kampsak- langt inn i framtida.

 

 

Tips en venn

Send!

Kreativ statistikkføring


Innretter statistikken etter hvordan politiet måles

Bildegalleri

Fotoserie


PHS-avslutning i bilder

Se fotoserie

Nyhetsbrev
Abonnere

Nyttige lenker