Truverdigheit

Når dette bladet kjem ut til lesarane, er hovedsamensluttningane  i innspurten i meklinga.

Kampen står om framtida sin pensjon. Ikkje dei eldste arbeidstakarane sin, men dei unge som har kort opptening av pensjon i dag, og ikkje minst våre barn og barnebarn sin pensjon.

Dette er ei svært viktig sak, og ei sak både PF og Unio er både klar og villig til å streika for.

Eg som forhandlingsleiar for Unio stat, både håpar og trur at regjeringa vil fylgja opp alle deler av Stortingsforliket om pensjon. Då tenker eg sjølvsagt på Stortinget sin konklusjon om at offentleg sektor framleis skal ha ein tenestepensjon som ein bruttomodell med 2/3 av sluttløna. Dette er svært viktig å få på plass i meklinga, i kombinasjon  med at 30 års opptening gjev  full pensjon. Dette er også grunnlaget for å vidareføra ein god avtale om særaldersgrenser til neste år. Natt til 27. mai veit me om regjeringa framleis har truverdigheit i høve til pensjonsspørsmålet for offentleg sektor. Om ikkje dei strekk seg langt nok, er det streik frå onsdag 27.mai.

Rundt same dato veit me også om me har eit grunnlag for å ta dei formelle forhandlingane angåande ATB, og eit opplegg som skal løysa politikonflikten. Arbeidsgruppa i POD jobbar fram mot ca 27. mai, så skal arbeidet sluttførast med  Fornyings- og administrasjonsdepartementet (FAD). Både justisministaren og politidirektøren har vore svært tydeleg på at dei vil ha ei løysing, og at dei har tru på ei løysing. Det er bra og eit godt utgangspunkt for å finna løysing. Denne saka handlar også om truverdigheit. Ein startar ikkje ein prosess om ein ikkje vil strekka seg så langt at ein får ei løysing med motparten. Begge partar veit at dette er ein vanskeleg konflikt å løysa, og at det er store forventningar, difor vert verkeleg truverdigheita sett på prøve om ikkje motparten tek dette på alvore i sluttfasen av forhandlingane.

Regjeringa sitt framlegg til forskrift hadde høyringsfrist 8. mai. Alle dei fira hovedorganisasjonane (LO,Unio,YS og Akademikarane) har svara på høyringa, i tillegg til vernetenesta, PF og ein rekke einskild organisasjonar. Alle hovedorganisasjonane er svært tydeleg i høyringa og har ein klar konklusjon om at regjeringa må legga bort forskrifta og løysa saka i dialog med PF. Det er fleire gode og sterke juridiske utgreiingar som ligg til grunn for høyringssvara. Dei juridiske vurderingane er svært kritiske til heile grunnlaget for forskrift.

Skal den raud-grøne regjering ha truverdigheit i spørsmål om arbeidsmiljø og arbeidstakarrettigheitar, må dei legga bort denne forskrifta straks. Skal høyringsrunden ha truverdigheit er det kun ein konklusjon, forskrifta vert begravd ein gong for alltid, og må aldri stå opp igjen frå dei døde uansett regjeringsalternativ i framtida. For det er ikkje med forskrift og diktat ein løyser forhandlingsspørsmål i Noreg.

Leike prosessar

I denne Stortingsperioden har det starta opp fleire store omorganiseringsprosessar, som samanslåing av to politidistrikt i Buskerud, samanslåing av to politidistrikt i Oppland og ikkje minst ein stor prosess for å redusera talet på driftseiningar i Follo.
Alle prosessane har gått over lang tid. Men kva truverdigheit har det å starta sånne store prosessar, når ingen ting kjem ut i den andre enden. All truverdigheit i høve til store omorganiseringar er borte i denne Stortingsperioden.
Ein kan ikkje «leika med dei tilsette» i to år, og så berre sei at, «nei me ville eigentleg ikkje ha omorganisering, det får vera som i dag dei neste 10 åra og».
Politiet har anna å driva med enn «leikeprosessar».
Den politiske håndteringa av desse prosessane er langt frå gode, truverdigheita er borte i høve til omorganiseringsprosessar og effektivisering i denne perioden.

Tips en venn

Send!

Kreativ statistikkføring


Innretter statistikken etter hvordan politiet måles

Bildegalleri

Fotoserie


PHS-avslutning i bilder

Se fotoserie

Nyhetsbrev
Abonnere

Nyttige lenker