Alle må ta eit ansvar for å skapa eit klima som fremjar dialog

Konflikten i politiet er den mest omtalte konflikten i norsk arbeidsliv på mange ti-år, den har vart i mange månadar og vore omtalt i «alle media» på leiarplass og kommentarplass, og ikkje minst vore debattert mange gonger i alle debattprogram på tv og radio.

Alle politiske parti har også hatt meiningar i ulike retningar. Omtalen og tempraturen toppa seg etter demonstrasjonen. Kritikken og angrepa mot oss hagla frå mange kantar, ikkje minst frå ein justisministar som kom tilbake på jobb etter fire veker sjukemelding. Det var oppsiktsvekkande å sjå kva strategi han valgte på sin første arbeidsdag etter sitt fråvær.
Ingen tvil om at det var nøye planlagt mediastrategi, det kunne også sjå ut som han hadde fått med seg Hanne Skartveit i VG på laget sitt.
Her var det tydeleg at den gamle strategien med at «angrep er det beste forsvar» skulle nyttast fullt ut.
Ein kan sei mykje om eit sånt strategival, men særleg konstruktivt og konfliktdempande var det ikkje.

Men heldigvis endra saka seg til det meir positive i løpet av veka, og fredag 3.april starta ein konstruktiv prosess i Politidirektoratet etter oppdrag frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet (Fad). Partane har avtalt arbeidsform og framdrift. Arbeidet i POD vert viktig for å legga eit godt grunnlag for forhandlingane i Fad. Politidirektøren var tydeleg under opninga av arbeidet på at ho ville ha ein «brei tilnærming», der ein ser på alle tiltak som kan løysa konflikten.
Dagbladet skildrar denne utviklinga på leiarplass 6. april som «Våpenhvile i politiet». Forbundsstyret og alle topptillitsvalte går inn i denne prosessen med stor iver for å finna ein god løysing.
Men skal ein lukkast med det, må ALLE ta sin del av ansvaret. No har me i alt for lang tid sett strategien med å «nedkjempa PF». Det er ingen tvil om at det har vore ein politisk strategi, godt fulgt opp av ein del store media, med å sverta PF og politiet, og ikkje minst forsøka å få bort fokuset frå dei verkeleg store utfordringane i politiet.

Heldigvis så klarar publikum å tenka sjølv og ikkje minst vurdera alle aktørar sine utspel og påstandar. Og det er svært hyggeleg og god lesing når NRK skjærtorsdag presanterar ein meiningsmåling som syner at PF har stor støtte for sin viktige kamp, seks av ti meinar at me ikkje har gått for langt i vår kamp. Det er godt å registrera etter det masive køyret som har vore mot oss frå maktapparatet, regjeringspartia og media. 68 prosent svarar også at tilliten til politiet er uendra.
Det vert spennande tider fram mot 1. juli, innan den tid må me ha på plass ein ny avtale med god økomomisk kompensasjon. Samstundes som me førebur forhandlingane, vil me i lag med Unio og andre organisasjonar halda fram arbeidet mot forskrift som vil fjerne forhandlingsretten på arbeidstid. Høyringsfristen er 8. mai.

Andre utfordringar står også i kø, ikkje minst eit svært krevjande mellomoppgjer med hovedfokus på pensjon. Alle ser at det vert lite økonomi å fordela pr 1.5., men desto viktigare vert det å sikra ein god offentleg tenestepensjon og gode vilkår for AFP-pensjonistane. Særaldersgrenseforhandlingane kjem først i 2010, men det er heilt avgjerande for særaldresgrensene det partane vert samde om ang tidlegpensjonen AFP og den nye tenestepensjonen.
Unio har klare og gode krav inn i forhandlingane, men det som er både historisk og gledeleg er at me har klart å verta samde om eit felles pensjonskrav på arbeidstakarsida. Me leverar likt pensjonskrav både i stats- og kommunesektoren, og underskrive av alle fire hovedsamensluttningane. Det er eit sterkt signal til statsministaren og resten av regjeringa.

Eg ser fram til å vera forhandlingsleiar for Unio stat i desse tøffe pensjons­forhandlingane.
Summen av det som no skjer denne våren vil danna grunnlaget for å skapa ro i politiet, eller forsterka den uroen som har vore i mange månadar.
PF er svært innstillt på konstruktive bidrag for å skapa ro, men me forventar at dei som set med makt til å finna løysinga nyttar den makta på ein konstruktiv måte.

Tips en venn

Send!

Kongen roste politiets bekymringssamtaler


I sin nyttårstale snakket Kong Harald varmt om bekymringssamtaler som et virkemiddel for å få potensielle kriminelle bort fra den kriminelle løpebane.


Bildegalleri

Fotoserie


IP-trening i Bodø

I Salten politidistrikt får operative polititjenestemenn øve seg på å torpedere hverandre – i kasserte biler.


Se fotoserie

Nyhetsbrev
Abonnere

Nyttige lenker