Plassering av ansvaret

Det er spesielt å oppleva at ansvaret for politikrisa, og at ikkje resultata vert nådd vert plassert hos Politiets Fellesforbund og alle våre medlemmar.

VG har i mange komentarartiklar gått hardt ut mot «PF sin uansvarlege lønsaksjonar», også på leiarplass, seinast når ein kommenterte den alvorlege utviklinga på narkotikasida i Oslo, dei tilsette får ansvaret for situasjonen.

Mange politikarar forsøker også å plassera ansvaret hos dei tilsette, seinast i Stortinget sin spørjetime 25. februar. Justisministaren vart utfordra i høve til den negative utviklinga på narkotika i Oslo, og han svarar at dette skjer fordi dei tilsette no vernar om si fritid.

Han innrømmer med andre ord at kampen mot kriminalitet i hovedstaden og resten av landet, er avhengig av at dei tilsette ofrar fritida si for at han skal nå måla sine.

Kva andre yrkesgrupper må personleg ta ansvaret for bedrifta sine resultat ved å ofra fritida si. Det er med andre ord ikkje nok med innsatsen på normalarbeidsdag, ein må basera ordinær drift på overtid. Det er meget spesielt at justisministaren erkjenner dette, utan at han sjølv erkjenner sitt ansvar.

Det er vel snart på tide at VG, ulike politikarar og andre som meinar at dei har alle løysingar, plasserar ansvaret der det høyrer heima, nemleg hos justisministaren og hans toppleiarar.

Når andre bransjar har utfordringar ang resultata sine i offentleg sektor, vert statsråden stilt til ansvar i lag med sine leiarar, som no i NAV-krisa, men for politiet gjeld som vanleg heilt andre reglar.

Framleis jobbar regjeringa med forskrift for å unnta oss for vernereglar i Arbeidsmiljølova, sjølv om alle fire hovedsamenslutningane i staten har protestert kraftig både skriftleg og muntleg. Seinast i brev av 24. februar til tre ulike statsrådar. Organisasjonane peikar på at det er i strid med grunnleggande reglar og sedvane mellom partane i arbeidslivet, men også brot på våre folkerettslege forpliktelsar som ILO-konvensjon 154 som vart ratifisert av Noreg 22.juni 1982.

Det er også alvorleg at POD og justisdepartementet er pådrivarar i arbeidet med forskrift, sjølv om dei veit at bruken av dei avtalte unntaka frå Arbeidsmiljølova er fullstendig ute av kontroll.  Det er registrert ca 24000 brot på Arbeidsmiljølova sine kvilereglar, det er både lovlege brot i samsvar med vår avtale og brot på tariffavtalen.

Det er manglande kontroll, opplæring, registrering og status på situasjonen, då er det svært alvorleg at vår arbeidsgjevar ikkje tek ansvaret for å finna ein løysing på situasjonen via dialog. Hadde dette vore eit privat firma, hadde Arbeidstilsynet stengt døra og politiet starta etterforsking.

Statsminstaren vitja Fellesforbundet (LO) sitt landsmøte den 25. februar, han gjekk langt i å forsikra at regjeringa og AP er garantisten for eit godt arbeidsliv, styrking av fagforeiningsrettar og velfungerande arbeidsmiljølov. Eg høyrde intervjuet på NRK, og sat med ein flau smak i munnen, men talen var nok meint for LO og ikkje vår situasjon.

Politiets Fellesforbund har også lest regjeringa sin politikk for arbeidslivet, og gleda oss over at regjeringa endra viktige ting i arbeidsmiljølova og teneste­mannslova med ein gong dei tok over i 2005, men det skulle ikkje gjelda politiet. Har det ein samanheng med at vi ikkje har gjeve AP 1,3 million kroner til valkamp­en, som Fellesforbundet?

Går det ingen grenser for regjeringa sin ansvarsfråskriving når det gjeld politiet sine vilkår?

Situasjonen går ikkje over av seg sjølv, heller ikkje ved å plassera ansvaret hos fagforeininga, heller ikkje ved å bruka makt og tvang - kun dialog og resultat som begge partar kan leva med gjev ei løysing.

 

Tips en venn

Send!

Kreativ statistikkføring


Innretter statistikken etter hvordan politiet måles

Bildegalleri

Fotoserie


PHS-avslutning i bilder

Se fotoserie

Nyhetsbrev
Abonnere

Nyttige lenker