Regjeringstabbe
Partane må vise vilje til å finne løysing. Kanskje er eit positivt resultat i sikte? Eg set min lit til at justisministeren får den støtte som trengst i regjeringa slik at det kan finnast ein verdig utgang på denne tvisten. Det er alle partar, ikkje minst publikum, best tent me
Blekket var knapt tørt før regjeringa slo til og gav sin versjon av «dialog»: Som Unio-leiar blei eg på kort varsel invitert til arbeidsminister Dag Terje Andersen. Han hadde avsett nokre minutt rett før regjeringa skulle presentere krisepakken for norsk økonomi til å informere om at regjeringa hadde bestemt seg for å vedta ei forskrift. Denne forskrifta skal pålegge politifolk kortare kviletid enn det som elles gjeld i Arbeidsmiljølova.
- Det er viktig å sikre at vi har et velfungerende politi-
og lensmannsvesen til enhver tid, var statsrådens forklaring på kvifor regjeringa
valde diktat framfor dialog i denne saka.
Det er ikkje tvil om at dette er brot på gjeldande avtale
mellom staten og hovud-samanslutningane, som alt no gir det avviket regjeringa
ønskjer vidareført. Men regjeringa vågar ikkje å gå forhandlingsvegen. Dei vil
bestemme sjølv, og hoppar ut av rolla som arbeidsgjevar og forhandlingspart og
inn i rolla som styresmakt og lovgjevar. Dette er oppsiktsvekkande, og det er
feigt. Dessutan er det i strid med dialogsignal som tidlegare var gitt av meir
enn ein statsråd.
Nettopp rollebytet - frå likeverdige forhandlingar til
einsidig diktat - provoserte breie lag av fagrørsla. Den politiske
demonstrasjonsstreiken som Politiets Fellesforbund rettmessig iverksette, fekk
difor kraftig støtte - langt utover Unio sine rekkjer.
Det regjeringa gjorde er milevis frå det som er vanleg
forhandlingspraksis, og direkte i strid med den norske modellen, som regjeringa
elles likar å framheve. Det er mildt sagt kritikkverdig at regjeringa på denne
måten kastar vrak på avtalesystemet.
Sist regjeringa prøvde å bryte ein inngått avtale var i
striden om sjukelønna, som mange har friskt i minne. Den gongen slo regjeringa
omsider revers. Dei forstod at dei var på feil kurs.
Vil regjeringa gjere det same denne gongen?
![Politi forum [picture]](gfx/logony.gif)

Tips en venn