Ein historisk dag, både glede og forbannelse!

Måndag 26. januar 2009 vert ståande som ein historisk dag, endeleg fekk PF gjennomslag for ein kraftig og nødvendig styrking av talet på sivile stillingar i etaten.

Dette er ei sak PF har jobba lenge med, og det vart delt ut mange verbale blomster til regjeringa og justisministar Storberget. Dette løftet vart presentert som ein del av krisepakka, og var verkeleg ein gladmelding.

Same dag, ca 30 min før denne gladmeld­inga, presenterte den same regjeringa med statsråd Dag Terje Andersen det største overgrep mot PF og dei tilsette i etaten sidan politikarane fjerna streikeretten i 1959. Regjeringa kunngjorde at forhandlingsretten over eige arbeidstid var fjerna, regjeringa vil bruka ei forskrift til å frita våre medlemar frå vernet av arbeidsmiljø­lova. Med dette vedtaket set regjeringa tilsides ein forhandlingsprotokoll mellom partane i staten, som har avtalt at unntaka som no er avtalt skal evaluerast og ein skal forhandla innan 1.7.2009 om dei skal vidareførast.

Vedtaket og det prinsipielle er eit svært alvorleg overgrep mot ein fagorganisasjon i eit velfungerande demokrati, ja så alvorleg at alle hovedsamenslutningane i staten og ein rekka organisasjonar nasjonalt og internasjonalt støttar oss.
Men det største overgrepet er sviket og broten på tillit mellom partane. Justisministaren inviterar til dialog og presiserar at han vil ha ei god løysing via dialog, samstundes jobbar han og regjeringa med forskrift bak ryggen på oss. Når ein i tillegg høyrer argumentasjonen og alle feilaktige påstandane frå regjeringa som begrunnelse for dette maktovergrepet, vert saka endå verre.Ein forsøker å skapa eit inntrykk av at dette ikkje er så alvorleg, for PF skal få innverknad på utforminga og kompensasjonen, og ein opplyser at fleire yrkesgrupper har forskrift.
Ja både Forsvaret og brannvesenet har forskrift, men som eit resultat av ein avtale mellom partane (stor forskjell på det og eit diktat).
For oss set ein også ein tariffavtale til sides, det gjorde ein ikkje mot andre som har forskrift.
Men det verste var å høyra argumenta til justisministar Knut Storberget og statsråd Dag Terje Andersen, som seier at dei måtte nytta forskrift for å sikra landet nok politikraft etter 1.7.2009. Politiet er så spesielle og viktige at ein må bruka særordningar, vart det argumentert med.
Argumentasjonen er eit grovt overtramp mot PF og alle tilsette i politiet, for det første vart det argumentert frå Arbeidarpartiet i 1994 at politiet skulle behandlast likt med alle andre yrkesgrupper, ingen særordningar skulle innførast, og difor fekk me tilbake streikeretten i 1994.

Regjeringa veit at me har avtalt unntak frå kvilereglane i den tariffavtalen me har i dag, me har i tillegg spelt inn løysingsframlegg som inneber at me framleis kan forhandla fram unntak på visse vilkår, og me har spelt inn framlegg om meir fast arbeidstid for våre medlemmar med inntil 2,5 time pr. veka.
Er dette å ta ansvar eller ikkje!
Kanskje heller regjeringa no skulle svara opp våre innspell til løysing som umiddelbart ville fått slutt på den store politikrisa som me no har. No er det tydelegvis viktigare å «nedkjempa PF og dei tilsette enn å skapa ro i etaten og få eit godt polititilbod til publikum». Ein kan verkeleg lura på kva samfunnsansvar regjeringa tek i denne saka.
Politi-etikken er tufta på grunnleggande demokratiske verdiar som ærlegheit, likebehandling, solidaritet, likeverd og samhandling. Kva skjer med eit politikorps som opplever at mange av desse verdiane ikkje gjeld i høve til oss som yrkesgruppe? Dette er nokon grunnleggande og viktige spørsmål som går langt utover debatten om forskrift eller ikkje.

Me forventar ar regjeringa tar inn over seg alvoret i situasjonen, og tek det ansvaret ei regjering har.  Nemleg å sørga for at samfunnet sitt maktapparat fungerar. Hadde me no hatt ei mindretalsregjering, tur eg at justisministaren hadde sete «laust i stolen», det synleggjer alvoret si situasjonen.

 

Tips en venn

Send!

Kreativ statistikkføring


Innretter statistikken etter hvordan politiet måles

Bildegalleri

Fotoserie


PHS-avslutning i bilder

Se fotoserie

Nyhetsbrev
Abonnere

Nyttige lenker