Kriser i fleng
Finanskrise, klimakrise - og politikrise. Det er ikkje særleg lystelege overskrifter som slår mot oss i desse dagar. Vi høyrer også om pensjonskrise somme stader. På Island, til dømes, er det mange som fryktar at trygge pensjonar forvitrar som følgje av børskrakket og finanskrisa.
Slik blir det neppe i Noreg. Men også våre pensjonsordningar er under press. Pensjon blir eit viktig tema for Unio i mellomoppgjeret i 2009. Då skal dei offentlege tenestepensjonane tilpassast endringane i folketrygda. Fleire føringar er lagt både gjennom politiske vedtak i Stortinget og gjennom tidlegare forhandlingsprotokollar.
Pensjonsordningane er ein viktig del av medlemmene sin lønns- og arbeidsvilkår. For Unio er det opplagt at vi skal kjempe for å forsvare den offentlege tenestepensjonen. Samstundes må vi finne løysingar på dei utfordringane som ligg i at ny folketrygd er vedtatt innført frå 1.1.2011.
Den nye folketrygda gir meir fleksibilitet. Men dette er kopla til reduserte ytingar ved tidleg avgang. Difor er det nødvendig både med ei god ordning for tidlegpensjon, men også ein aktiv seniorpolitikk slik at folk kan stå lenger. Men det må også vere eit sikringsnett for dei som ikkje maktar å stå lenge eller å dra nytte av fleksibiliteten.
Bruttoprinssippet - at offentleg tilsette skal ha ein pensjon som tilsvarar minst 2/3 av sluttlønna - gir økonomisk tryggleik for den enkelte i pensjonisttilværet. Dette er ei ordning Unio vil slåst for.
For mange av våre medlemmer, som har brukt fleire år på å ta høgre utdanning, representerer dessutan 30 års oppteningstid for full pensjon ein særskilt verdi som vi må halde fast på.
Belastning og forsvarleg utføring av tenestene må framleis ligge til grunn for særaldersgrensene. Difor vil Unio krevje at dagens særaldersgrenser blir vidareførte.
Tenestepensjonsordningane er resultat av prosessar over lang tid mellom styresmaktene og partane i arbeidslivet. Unio godtar ikkje endringar i ordningane utan at partane er einige.
Vi skal gjere vårt for å unngå pensjonskrise.
God jul til alle lesarar.
![Politi forum [picture]](gfx/logony.gif)






Tips en venn