Faktafeil og hersketeknikkar

Når ein vil ha bort fokus frå det som er problemet, er det ein gammal og kjent strategi å nytta seg av hersketeknikkar og nytta faktafeil.

Når ein vil ha bort fokus frå det som er problemet, er det ein gammal og kjent strategi å nytta seg av hersketeknikkar og nytta faktafeil.

Dette er noko som PF denne hausten har fått merka frå mange ulike hald. Mange politikarar frå regjeringspartia har heile hausten sagt offentleg at PF driv med svartmaling og skremselspropaganda, men under landsmøtedebatten måtte Thomas Breen frå AP erkjenna at situasjonen er politikarskapt over tid, og at det må til ein politiak løysing.

Justisministar Knut Storberget kom også til landsmøte, sjølv om han ikkje ville ha dialog med delegatane, var han tydeleg på at han ville ha dialog med PF for å finna løysing på politikrisa.
Dialogen har starta opp, og eg oppfattar at justisministaren har eit oppriktig ynskje om å finna ein god løysing på situasjonen.

Men både eg og mange av medlemmane vart nok i tvil om denne viljen når ein las hans lesarinnlegg i Aftenposten 28.11.
Når ein forsøker å feilinformera og «henga ut PF» om at me hadde risikotillegg fram til 1996 og i tillegg bagatelisera overtidsbelastninga på politifolk, er det å hella bensin på bålet, og dårleg medisin inn i konstruktive samtalar.
Politiet har aldri hatt risikotillegg, men me hadde eit B- tillegg som gjekk under navnet «polititillegg», på same måte som forsvaret hadde «militærtillegg» og fengselsbetjentar hadde «fengselstillegg», kvifor kom ikkje det fram som fakta?

Det er også interesant å sjå at ein del redaktørar på leiarplass plasserar ansvaret for politikrisa på «skuldrane til dei tilsette». Nok eit døme på at det er heilt andre forventningar til dei tilsette i politiet enn tilsette i dei fleste andre yrker. I kva andre yrker er det forventa at overtid er nødvendig for å løysa den daglege drifta?  Andre redaktørar har heldigvis forstått at ansvaret ligg hos justisministaren i lag med resten av regjeringa, og ropar på handling.
Regjeringa har synt imponerande handlekraft når krisesituasjonar i bank- og næringsliv har gjort det nødvendig med handling.
Det er også grunn til å merka seg ulike organisasjonar sin måte å kommentera offentleg politikrisa og dei påståtte aksjonane frå PF. Unio-forbunda har vore svært ryddige og Unio-leiar Anders Folkestad har hatt gode og ryddige kommenterar. LO-forbundet Norsk Fengsels- og Friomsorgsforbundet sin leiar Geir Bjørkli, var tydeleg i ein pressemelding, «alle bør støtte kravene til Politiets Felesforbund».
Han seier vidare, «det er trist å registrere at fagforeninger går ut mot hverandre slik tilfellet er nå».

Det er ein del fagforeiningar som bør lesa dette nøye, ikkje minst Curt A Lier.
Det er mange måtar å få merksemd på rundt eitt landsmøte, det mest vanlege er å skapa eigen politikk for å få fokus på den.
Som alle veit er det ein lettare måte, nemleg å laga konflikt, som media elskar, og det krev mindre kunnskap og strategiske evner.

PF har spelt inn framlegg til løysing på politikrisa, me har hatt god dialog med politidirektøren og justisministaren i det siste. Løysinga kan ein kun finna i det politiske miljøet. Krisa er politikarskapt og den må løysast av politikarane.
Me snakkar om å gje samfunnet meir politikraft, for å få det til må ein som ein del av totalpakka etablera løns- og arbeidsvilkår som gjer yrket attraktivt.
1.juli 2009 går avtalen om unntak frå arbeidsmiljølova sin reglar om kviletid ut (avtalt i ATB). PF er tydeleg på at dersom det framleis skal vera unntak, betyr det ein kraftig kompensasjon (risikotillegg for operative mannskap).
Alle veit at utan unntak får ein det motsatte av meir politikraft...

Tips en venn

Send!

Kreativ statistikkføring


Innretter statistikken etter hvordan politiet måles

Bildegalleri

Fotoserie


PHS-avslutning i bilder

Se fotoserie

Nyhetsbrev
Abonnere

Nyttige lenker