Politiløftet
Landsmøta i medlemsforbunda er alltid viktige hendingar - også for Unio. Somme gonger knyter det seg ekstra spenning til kva som skjer på landsmøta. Det er i høgste grad tilfelle med årets landsmøte i Politiets Fellesforbund.
Denne spenninga er ikkje minst skapt av den kriseprega situasjonen politiet no er i. Frå by og land strøymer det meldingar om eit ressursfattig politi som ikkje maktar å utføre oppgåver som er forventa. Det manglar folk, det manglar pengar og det manglar utstyr. Alvorlege brotsverk blir ikkje etterforska, lovbrytarar går fri og i aukande grad kjenner folk seg utrygge.
Oppgåver og ansvar er langt større enn budsjetta. Dette er ikkje noko som har skjedd over natta. Det har utvikla eg over lang tid under fleire regjeringar enn den sitjande. Men det er unekteleg slik at det er den regjeringa som til ei kvar tid er i posisjon som har ansvaret her og no. Det er dette som er det ubehagelege faktumet som justisminister Storberget snart må erkjenne. Han må ta ansvar på vegne av regjeringa - ikkje først og fremst overfor Politiets Fellesforbund, men overfor borgarane.
Det trengst handlekraft - politisk handlekraft. Det trengst initiativ frå fleire hald, inkludert arbeidstakarsida, for å finne konstruktive løysingar både på kort og lang sikt. Kreativiteten kan ha gode vilkår i krisetider, men det må også etablerast tillitsforhold som gjer at kreativiteten kan utløysast og gi konkrete resultat.
Det er ei oppgåve også for landsmøtet i PF å løfte fram mulege løysingar på politikrisa. Men landsmøtet kan berre leggje til rette, kome med forslag. Landsmøtet kan vise veg. Men landsmøtet kan verken utdanne fleire politifolk, skaffe utstyr eller plusse på budsjetta. Det er det faktisk justisministeren og regjeringa som må ta ansvaret for, eventuelt ved hjelp av Stortinget.
Korleis skal dei politifolka som trass alt framleis finst førast frå frustrasjon til fornya innsats? Dersom politikrafta skal aukast i påvente av at det blir utdanna fleire og at det blir fleire stillingar, held det ikkje med den stillingskrigen ministeren gått inn i. Eg reknar med at han skal gjeste landsmøtet. Kan landsmøtet bli den arenaen der stillingskrig og status quo blir til strategisk samarbeid - politiløftet - i dobbel forstand?
![Politi forum [picture]](gfx/logony.gif)

Tips en venn