Justisministar Knut Storberget må ta ansvar
VG forlangar 30.oktober på leiarplass at Justisministaren tek situasjonen på alvor, «dagens situasjon roper på midlertidige strakstiltak og en idedugnad om hvordan problemene kan avhjelpes på kort sikt, inntil Knut Storberget innser at det må til en langt med massiv satsing på politiet» skriv VG. Det er svært mange politikarar og parti som no er på bana og krev tiltak, og det betyr at dei har innsett at dette er ein situasjon som krev handling, den går ikkje over av seg sjølv.
Som mange har registrert, er det kun justisministaren og leiaren i Justiskomiteen, Bjørnflaten, som ikkje har forstått at det er krise i politiet og at det må handling til. Dei snakkar framleis om alt det gode regjeringa har gjort i perioden. Det er bra, og det er tiltak som PF har bedt om. Men det viktigaste me har hatt fokus på er driftsbudsjetta til politiet, for å gje distrikta handlingsrom for ein ny løns- og personalpolitikk (slik at me slepp å ligga fire prosent under lønsglidninga for andre i offentleg sektor for å redda driftsbudsjetta), for å satsa på fleire sivile stillingar, betre seniorpolitikk, meir fokus på kompetanseheving. Ja rett og slett skapa eit betre politi og meir politikraft ved å satsa på dei tilsette.
Skal ein verkeleg forstå situasjonen og «den trykk-kokaren» som no justisministaren set på, må ein ha fulgt utviklinga over tid. Politifolk har «solgt familieliv og fritid» for å løysa store kriminalsaker og få vaktlistene til å gå rundt. Dei har hatt ei tru på at når dei leverar så gode resultat og har den tilliten frå samfunnet, så må snart politikarane syna at ein set pris på dei tilsette og ta innspela på alvor. Det vert verre og verre kvart år vurdert ut frå driftsbudsjetta og handlingsrommet til etaten i høve til utfordringane i kvardagen. Ein kjem til eit punkt der ein ser at det ikkje nyttar å skjula fakta ved å jobba dugnad og overtid utan å verta sett pris på.
Dette er også litt av bakgrunnen for at eg sa til Aftenposten 30.oktober at eg ikkje ser noko grunnlag for å vidareføra unntak frå 11 timers regelen, når avtalen om unntak frå AML sine reglar om 11 timer friperiode kvart døger går ut til sommar 2009. No får Stortinget ta ansvaret for politikrafta, og ikkje dei tilsette.
Det absolutt siste dei tilsette i politiet treng no er ein justisministar og leiar i justiskomiteen som ikkje tek dei på alvor ved å fortelja omverda om at dette kun er mediaskapt, som om dei kjenner fakta og situasjonen betre enn våre medlemmar som møter kriminalitetsbildet kvar dag året rundt. Det er utruleg provoserande at dei som har ansvaret for situasjonen, ikkje er villige til å ta inn over seg fakta og realitetar.
Det er godt å registrera at mange andre politikarar tek situasjonen på alvor, også i regjeringspartia. Mange tek kontakt med PF sentralt og lokalt, og vil ha fakta og innspell på tiltak. Dei har nok forstått at PF set på nøkkelen til meir politikraft i samfunnet. Politimangelen vil forverra seg fram mot 2011, jfr tala i Politi 2020.
Difor må ein koma med strakstiltak som igjen kan gje samfunnet meir politikraft og det politiet samfunnet fortenar. Løysinga ligg i å ta dei tilsette sin kvardag på alvor og få meir motiverte arbeidstakarar ved å nytta løns- og arbeidsvilkår som eit vesentleg element i ein tiltakspakke. Arbeidsgjevar treng meir fleksibilitet og arbeidskraft. Idedugnaden som både Frp og VG etterlyser har PF hatt, og me har mange innspell som umiddelbart vil gje samfunnet betre politikraft.Men då må me ha ein Justisministar som har interesse av fakta og er villig til å ta i mot løysingsframlegga.
![Politi forum [picture]](gfx/logony.gif)

Tips en venn