Langvarig svelteforing

Det er svelteforinga over lang tid som har skapt dagens kritiske politisituasjon.

Det er svelteforinga over lang tid som har skapt dagens kritiske politisituasjon. Og naturleg nok blir budsjettframlegget for 2009 vurdert i lys av dette. Budsjettveksten for politiet er på line med det som gjeld for mange andre sektorar og område som budsjettet skal dekke. Men budsjettet skaper ikkje den snuoperasjonen som trengst. Og legg heller ikkje grunnlag for ein slik snuoperasjon, sjølv om det er klart positivt at det skal utdannast fleire politifolk.

Dagens regjering og justisminister er ikkje åleine om ansvaret for svelteforinga. Forsømmingane er eldre enn som så. Men det er unekteleg slik at det er dei som sit ved roret no som har ansvaret for å bøte på skaden.

Vi har ikkje råd til å ha eit desillusjonert og overbelasta politikorps. No røyner det på meir enn godt er. Kvardagen er for pressa, for risikabel for dei tilsette. I neste omgang skaper dette eit utrygt samfunn for oss alle.

Eg ser at somme - særleg frå regjeringspartia - irriterer seg over at politifolk seier frå ved å skjerme eiga fritid, og prøver å stemple politiet som urimelege aksjonistar. Slikt blir berre pinleg. Og det er slett ikkje eigna til å bryte den vonde sirkelen som politiet no er inne i.

Det er i alle fall ingen grunn til å tru at dagens situasjon går over av seg sjølv. Eg er redd at å klamre seg til ei slik forventning kan vere ein nærliggande «strategi» frå politisk hald. Det er å lure både seg sjølv og folk flest.

Når den tradisjonelle replikkvekslinga om budsjettframlegget er over, må det takast nye og tyngre grep. Det må vere mogeleg å finne ein veg ut av uføret. Det trengst både kreativitet og mot  - og politisk leiarskap. Og det er vel eigenskapar som kjenneteiknar både justisministeren, statsministeren og andre i regjeringa?

 

Tips en venn

Send!

Kreativ statistikkføring


Innretter statistikken etter hvordan politiet måles

Bildegalleri

Fotoserie


PHS-avslutning i bilder

Se fotoserie

Nyhetsbrev
Abonnere

Nyttige lenker