Realitetar eller medieskapt sutring?

Justisministar Knut Storberget meiner situasjonen som no vert avdekka i politiet er medieskapt og er svartmaling frå Politiets Fellesforbund.

Justisministar Knut Storberget meiner situasjonen som no vert avdekka i politiet er medieskapt og er svartmaling frå Politiets Fellesforbund. Ein større provokasjon kunne han truleg ikkje ha kome med mot politifolk som over lang tid «har jobba livet av seg» for å halda hjula i gang i politiet, og med masse overtid både betalt og som dugnad, svært hyppig helgevakter og eit sjukefråvær på to prosent under snittet i arbeidslivet har dei tilsette dekka over politisk innkompetanse over lang tid. Når politifolk vil prioritera familie, fritid og eige helse, vert verkeleg den dårlege bemanninga avdekka. Mange politidistrikt opplever ei alvorleg krise. Mange leiarar håndterar situasjonen med ro og klokskap, med Politidirektøren som eit godt døme på dette. Andre leiarar får panikk og tyr til alle moglege skitne triks for å beordra folk på arbeid. I vanskelege situasjonar får ein verkeleg avdekka gode og mindre gode leiarar, det same kan ein sei om politikarar.

Ein kan dagleg lesa om den faktiske situasjonen i politiet, oppslag som:

  • 1 av 3 oppdrag avvist
  • operasjonssentralen stengt i 2 timar
  • 1 politibetjent på vakt for 12 kom­munar
  • politiet prioriterar bort fotballkampar
  • fly forseinka for kun 1 politimann til å sjekka pass
  • avhøyr måtte utsettast, ingen til å ta det

 

Lista kunne vorte svært lang. Det grunnleggande spørsmålet alle kloke leiarar og politikarar naturlegvis må stilla er, kvifor har me kome i denne situasjonen.

Det er samansett problemstilling, men hovedårsaka er mange uheldige utviklingstrekk samstundes, som:

  • 4 år med kun 240 politistudentar på PHS, no kjem verknaden
  • over dobbelt så mange som normalt sluttar i etaten og byrjar hos andre arbeidsgjevarar
  • store kull som no går av med pensjon
  • stor auke i nyutdanna som ikkje byrjar i politiet (jfr avsløring i Politiforum)

 

Denne situasjonen vil vara over lang tid. Det er prisverdig og klokt av justisministaren å satsa på store opptak på PHS, særleg dersom økonomien tillet å lysa ut stillingar, men det tek som kjent tre år å utdanna nye dyktige politikvinner- og menn.

Neste spørsmål ein må stilla seg, sær­leg når ein er justisministar, er kva skal til for å løysa denne akutte mangelen på politifolk!

Svara på begge desse spørsmåla får ein ved dialog med dei som «har skoa på» og kjenner situasjonen. PF representerar alle desse engasjerte og dyktige tilsette, som no har sagt at nok er nok. Alle som har analysert situasjonen og utviklinga i nær framtid forstår at dette går ikkje over av seg sjølv, difor hjelper det lite som justisministaren og hans våpendragarar på Stortinget Anne Marit Bjørnflaten og Thomas Breen gjer, nemleg å nytta kjente hersketeknikkar for å få bort fokuset frå det som er problemet. Dagens krise i politiet er politikarskapt over tid, og det er kun politikarane som kan løysa situasjonen. Eg kan sjølvsagt forstå at det er frustrerande for dagens justisministar å måtte løysa problema, som eigentleg er skapt av to andre justisministrar, men sånn er det å vera sjef.

Justisministaren må no syna handlekraft, og verkeleg syna at han verdset tilsette som har ofra alt for at han som justisministaren skal kunne sola seg i glansen av gode resultat. Det nyttar ikkje å skulda på andre når det ikkje går bra. Dette er realitetar og ikkje medieskapt. Dette må justisministar Knut Storberget ta inn over seg og gjera noko med, i staden for å kjempa mot dei han er toppsjef for, bør han lytta og ta situasjonen på alvor.

 

Tips en venn

Send!

Kreativ statistikkføring


Innretter statistikken etter hvordan politiet måles

Bildegalleri

Fotoserie


PHS-avslutning i bilder

Se fotoserie

Nyhetsbrev
Abonnere

Nyttige lenker