Utrygt for oss alle
Rapporten «Vilkår for oppgaveløsning i politiet» frå Arbeidsforskingsinstituttet er alvorleg lesestoff.
Rapporten fokuserer mellom anna på «risiko- og belastningshåndtering» i etaten. Det blir presentert data som det vil vere uansvarleg å neglisjere.
Arbeidsmiljøet for politiet er kritisk. Belastningane, særleg risikobelastningane er store, for store. Så er det samstundes eit paradoks at det nettopp eit godt arbeidsmiljø - gode kollegaer, som hindrar at endå fleire går ut av yrket.
Politiyrket gir meining for dei aller fleste - rett og slett fordi det blir opplevd som samfunnsnyttig. Politifolk er opptekne av å hjelpe folk - ofte handlar det om å støtte og å forsvare enkeltmenneske.
Både etaten og den enkelte politimann og -kvinne har ei svært viktig rolle med tanke på tryggleik for samfunnet og enkeltindividet. Dette ei ei viktig årsak til at politiet er i toppsjiktet på alle tillitsbarometer. Folk har positive forventningar til politiet. Vi reknar med at politiet er der og grip inn - om nødvendig med makt - når det trengst.
Men kor stor risiko kan vi som borgarar og som samfunn forvente at den enkelte polititenestemann og -kvinne skal ta på våre vegne? Eit slikt spørsmål har neppe noko eintydig svar. Det må derimot vere eintydig at samfunnet ikkje kan basere seg på at grensene heile tida skal tøyast. Og det er det som har vore gjort til no.
Denne undersøkinga frå AFI viser at eit fleirtal av politifolka stadig opplever vald og trugslar - også overfor familien. Det blir tydeleg dokumentert at underbemanning skaper utrygge forhold og slitasje.
Dagens situasjon ber bod om at vi er i ferd med å få eit utrygt politikorps. I så fall er vi også i ferd med å skape eit utrygt samfunn med utrygge borgarar. Det kan vi ikkje risikere. No er risikoen for stor - i dobbelt forstand.
Eg har lagt merke til at leiarar i politietaten har tatt rapporten og meldingane frå politikvardagen på alvor. Spørsmålet er om leiande politikarar i regjeringa og stortinget vil gjere det same. Dei veit i alle fall kva som trengst!
![Politi forum [picture]](gfx/logony.gif)

Tips en venn