Tålmodet er slutt
Ein gransking PF har gjort i lokallaga syner at framleis er det seks politidistrikt som periodevis planlegg med åleinevakter, og 10 andre politidistrikt opplyser at det sporadisk er åleinevakter.
For å nå politiske mål med fleire politipatruljer, køyrer våre medlemmer åleinepatruljer (for då får ein jo 2 synlege bilar ute i staden for 1)
Eit politidistrikt kan rapportera om over 60 forhåndsplanlagte overtidssett på tenestelista i sommar, klart ulovleg overtidsbruk, og i eit distrikt ser me at på ein politistrasjon er det rapportert om 800 brot på ATB på fire månadar, for ikkje å snakka om operasjonssentralen i Oslo som har 40 prosent av stillingane ledige, kva arbeidsmiljø representerar dette.
Våre lokallagsleiarar rapporterar om ein sliten medlemsmasse, mange har tøydd strikken langt allt for lenge. 1 av 3 opplyser at dei går på jobb når dei er sjuke, det gjerd ei i lojalitet til jobben og sine kollegar som ellers truleg vert åleina på vakt.
Ny forsking syner at en av tre politioperative vil søka seg aktivt ut av etaten i nær framtid, 88 prosent oppgjev dårlege lønsvilkår som årsaka, over 60 prosent seier at vald- og trugsmål er årsaka, men svært mange seier også at dårlege leiarar er årsaka.
Manglande verdsetting frå samfunnet og leiarane er farleg når det gjeld den yrkesgruppa som må ofra mest for samfunnet, alltid vera siste skanse når andre kan trekka seg tilbake, då bør ein forventa ekstra god støtte og verdsetting frå samfunnet. Alle ropar på politiet når det er kritiske og farlege situasjonar oppstår, men ikkje alle ser den store risikoen kvar polititenestemann utset seg for for å verna samfunnet.
Det skapte svært sterke reaksjonar i vår medlemsmasse når Politidirektøren gjekk ut i Aftenposten og gav uttrykk for at ho var svært fornøygd med at etaten ikkje nytta pengane til lønsvekst og kunne «sola seg i glansen» av 4 prosent dårlegare lønsglidning enn resten av staten, rosen gav ho til sine politimeistrar som hadde styrt «godt». Mange tok dette som den endelege stadfestinga på manglande støtte og verdsetting av politiarbeidet, og det til og med frå eigen toppsjef. Men heldigvis gjekk det ikkje mange dagane før Politidirektøren var ute i media og var svært tydeleg på støtte til PF sin bekymring over at så mange sluttar i etaten. Ho var også tydeleg på at det låge lønsnivåtet bekymra ho, dette utdjupar ho også i intervju i Politiforum.
Eg forventar at Politidirektøren aktivt føl opp dette klare standpunktet inn mot Regjeringa.
Det er ikkje ofta PF som organisasjon set foten ned, eller våre medlemmar ikkje er villige til å ofra absolutt allt for at samfunnet skal ha verdas beste politi. Sist ein sette foten ned var tidleg på -90 talet, då stod kampen for streikeretten og i lensmannsetaten var det ein tøff kamp for ny bilordning (få slutt på at ein nytta sine private bilar som politibil). Det var ein svært turbulent periode i Norsk politi sin historie. Men det alle bør merka seg er at PF fekk gjennomslag for sine krav. Når først PF bestemmer seg for å verkeleg å prioritera ei sak og satsa allt, syner historia at då får ein gjennomslag.
Denne gongen er det kampen for eit risikotillegg som skal vinnast. Dette er eit krav som er godt forankra i organisasjonen, argumenta er gode og vel underbygd med forsking og innhenta fakta, og ikkje minst er strategien velutvikla over lang tid. Som ein del av strategiutviklinga har me også hatt tett dialog med Flygeleiarforbundet sin leiar Rolf Skrede.
Som alle veit så har dei nådd sine mål ved å nytta lovlege kamp middel.
Vårt verkemiddel er å ta ansvaret for det som er vårt ansvar som arbeidstakarar, så kan me la arbeidsgjevar ta sitt ansvar og ikkje minst politikarane får ta sitt ansvar.
![Politi forum [picture]](gfx/logony.gif)

Tips en venn