Gnagsåreffekten
Eller er det eigentleg det?
Kriminaliteten tar ikkje ferie. Ulykker av ulike slag stoppar heller ikkje opp. På somme område aukar faren for lovbrot eller ulukker. Også fordi politifolk skal ha ferie - det er endå færre på jobb enn til vanleg.
Det kan verke som om ferietida på somme område driv opp tempoet. Tempo, lyd og hestekrefter er blitt ein måte å vise seg fram på. - Her kjem eg, velståande og velluka, vik unna, er bodskapen.
Eg har sjølv observert dette. Stadig fleire «tenåringar» i førtiåra, betre utrusta med hestekrefter enn vett, i alle fall båtvett. Til fare og ulempe for seg sjølve og andre. Som ein politimann sa til ei lokalavis: «skilnaden mellom båtfolk og folk i båt blir stadig tydelegare». Og skulle det slumpe til at desse bøllene blir stoppa av politiet, kvitterer dei for bota på 1500 kroner med eit overberande smil.
Sommaren avdekkjer endå ein gong det skrikande behovet for politiressursar, både på sjø og på land. Det svekkjer tryggleiken for folk flest, og det svekkjer tiltrua til lov og rett.
Det trengst sjølvsagt meir enn politiressursar for å skape tryggleik i eit samfunn. Både individet og fellesskapet må ta ansvar for samfunnsverdiar i vid forstand.
Likevel, politiet si rolle må ikkje undervurderast - enten det gjeld førebygging, oppklaring eller inngrep her og no.
Før sommaren presenterte politidirektøren en opptrappingsplan for politiet. Eg håper denne gjorde inntrykk på politikarane. Analysen av framtidige behov var også ei alvorleg påminning om dagens situasjon.
Kampen for ressursar framstår sikkert som hakket i plata. Men alle som har hatt skikkeleg gnagsår, gnagsår som ikkje går over, veit at til slutt må noko gjerast. Gnagsåreffekten er i alle fall eitt verkemiddel fram mot stortingsvalet neste år.
![Politi forum [picture]](gfx/logony.gif)






Tips en venn