PF set fokus på dei politioperative
PF har hatt eit samarbeid med to dyktige forskarar, Christin Thea Wathne frå Arbeidsforskingsinstituttet og Liv Finstad som er godt kjent i etaten etter boka «Politiblikket» og mange andre viktige bidrag.
Wathne og Finstad har levert to spennande bidrag, «Ordenstjenesten i første rekke» og «Vilkår for oppgaveløsning i politiet», resultatet vert gjort kjent for lokallagsleiarane og styret 27.august og for ein rekke andre samarbeidspartnarar på eit seminar 1.september.
I 2003 presenterte Rogalandsforsking i samarbeid med PF ein viktig og nyttig forskingsrapport om ulike sider ved politiyrket, og no går me vidare for å få fram meir kunnskap og fakta korleis det er å vera politi. Det er viktig å ha sterkare fokus på vilkåra for dei personane som skal fylla den viktige politirolla. Ofte er det debatt og fokus på politirolla, men utan å gå tungt inn på ulike vilkår og faktorar som må vera tilstades for at personane i uniforma skal kunna fylla politirolla på den måten som samfunnet forventar.
Det er på mange måtar eit paradoks at det kun er PF som fagforeining som set fokus på eit så viktig tema, både arbeidsgjevar, PHS og det politiske miljøet burde hatt større interesse for individa som tilsaman avgjer om me får verdas beste politi. Fleire enn PF burde ha finansiert så viktig forsking, men eg håpar at desse to gode rapportane vert flittig nytta av mange.
Politirolla har ein del ibuande særtrekk som ingen andre yrkesgrupper har, som rett og plikt til å nytta fysisk makt, politiet må gå inn i alle situasjonar som andre kan trekka sag unna, bruk av våpen og ikkje minst at ein veit aldri korleis ein skarp situasjon utviklar seg.
Wathne og Finstad konkluderar med at, «det kan se ut til at de iboende kjennetegnene ved yrket i stor grad gjøres til et individuelt anliggende, framfor å bli håndtert som organisatoriske spørsmål».
På denne bakgrunn er det interessant å sjå på samanlikninga mellom personellet i Beredskapstroppen og UEH/andre operative mannskap. Som Politiforum fokuserar på i dette bladet er personellet i Beredskapstroppen svært/godt fornøygd med viktige faktorar for å lukkast med dei vanskelegaste oppdraga. Dei har eit leiarskap som har forståing for den politioperative jobben og som lyttar til innspell, dei har topp utstyr, mykje tid til å trena på oppgåveløysingar og ikkje minst fornøygd med bemanning og delvis også med løna.
For i skarp kontrast til Beredskapstroppen er mange andre operative misfornøygde med støtte frå leiinga, også i høve til tilrettelegging for trening og opplæring.
Det kjem også fram stor misnøye med utstyret og ikkje minst lønsvilkåra.
Men det er ekstra grunn til å merka seg at dei operative verkeleg sender ut eit alarmsignal i høve til bemanninga i politiet, når ein seier at «underbemanning oppleves som like risikofylt som å dra på væpnet oppdrag».
Eg er sikkar på at PF vil nytta mykje av den viktige kunnskapen som ligg i desse to rapportane, og at det vert mediaomtale og politisk fokus i kjølevatnet av presentasjonen.
Men det viktigaste for PF vert å få arbeidsgjevar til å ta ansvaret for at dei ibuande kjenneteikna med politirolla vert gjort til organisatoriske spørsmål, og ikkje som i dag eit individuelt anliggande.
Det betyr i klar tekst at arbeidsgjevar/politisk leiing må gjera noko med dei mest negative faktorane for dei operative, som dårlege løns- og arbeidsvilkår, utstyr, opplæring og trening og ikkje minst bemanning og leiarane sin støtte til dei politioperative.
![Politi forum [picture]](gfx/logony.gif)






Tips en venn