Bemanningskrisa i politiet

Politidirektoratet har lagt fram bemanningsrapporten fram mot 2020. Det er eit godt arbeid som er lagt ned i prosjektet, som eg er sikkar på vil få god politisk oppfylgjing. Ein har på ein god måte analysert utviklinga når det gjeld bemanning og kompetansebehovet i etaten.

Det viktigaste er at ein går inn for å betra bemanninga. Styringsgruppa. konkluderar med at ein må utdanna 2700 nye politifolk innan 2020. Då må ein årleg utdanne 550 studentar på PHS frå 2009. Det reknar eg med justisministar Knut Storberget tek hensyn til. Ut over dette går styringsgruppa inn for å tilføre 1000 nye sivile stillingar til politiet. Samla vil dette vil kosta ca 2,5 milliard.

Rapporten analyserar på ein god måte kvifor me er i den bemanningskrisa som etaten opplever i dag. Ein ser at talet på politiutdanna er framleis på 2002 nivå, medan det har vore ein 3,5 prosent auke i innbyggjartalet og i nye prioriterte oppgåver. Det betyr at dei siste fem åra er talet på politiutdanna relativt sett redusert med 7,5 prosent.

Bemanningskrisa merkar dei tilsette på kroppen kvar dag. Dei opplever større og større vaktregionar, og PF får rapportar om at to politifolk åleine i periodar har ansvaret for områder som tilsvarar det gamle Namdal politidistrikt. Politidistrikt etter politidistrikt varslar om at det vert færre politiutdanna i arbeid og investeringsstopp i 2008 enn i 2007 på grunn av trong økonomi.

Situasjonen vert ikkje betra av at stadig fleire lar seg lokke over til andre arbeidsgjevarar. Over tid har ca 70 politiutdanna slutta årleg får å byrja i anna arbeid. Bemanningsutvalet har no kartlagt at det talet auka til det doble frå 2007 til 2008.

PF forventar ein sterk oppfylging av rapporten frå politidirektøren. Ho må synleggjer utviklinga og behova svært tydeleg i det offentlege rom, og ikkje minst politisk. Og me forventar ein justisministar som straks kjem på bana og tek grep for å fylgja opp. Problemet er at det tek tre år å utdanna nye politifolk, medan bemanningskrisa er her no.

Situasjonen er så alvorleg at ein må vurdera strakstiltak. Betydelege seniorpolitiske tiltak for å få fleire til å arbeida lenger, tilsetta fleire sivile og ekstra opptak på PHS utover det som er bestemt. Men det aller viktigaste er å setta i verk ekstraordinære lønstiltak for å halda på alle dei som no vurderar å slutta og få tilbake dei dyktige som har slutta.

Leiarane må bruka hovedtariffavtalen for både å rekruttera og halda på alle folka som er i ferd med å slutte.

Politiet må ikkje verta ein arbeidsplass kun for spesielt interesserte og for dei siste idealistane. Arbeidsgjevar må ta grep som sikrar eit heilt anna lønsnivå. Første anledning er no ved justeringsforhandlingane 23. til 25. juni.

PF vil etter sommarferien lansera eit prosjekt for å få risikotillegg for politioperativt personell. Prosjektet er forskningsbasert og beskriv den faktiske situasjonen for dei operative. PF vil jobba for å sikra at det synlege politiet som dagleg tar risiko på vegne av samfunnet får ein lønsmessig statusheving.

Det har vore sterk politisk fokus på krisa i Forsvaret. Dei har kome i ein økonomisk situasjon som har fått sterke bodskap på leiarplass i sentrale media. Det fekk mange toppolitikarar på bana med krav om meir pengar - straks.

Forsvaret har ein heilt spesiell oppmerksomhet knytta til eit farleg oppdrag i Afghanistan, beslutta av politikarane. Politiet manglar den same politiske oppmerksemda i ein situasjon der me er i farlege kampsituasjonar kvar dag for det norske folk. Det er merkeleg å registrera denne forskjellen på politisk merksemd.

Politileiarane må no nytta bemanningsutvalet sin rapport for å få fram situasjonen i politiet og få fram dei dokumenterte behova fram mot 2020.

Tips en venn

Send!

Kreativ statistikkføring


Innretter statistikken etter hvordan politiet måles

Bildegalleri

Fotoserie


PHS-avslutning i bilder

Se fotoserie

Nyhetsbrev
Abonnere

Nyttige lenker