Medlemmene vurderer...
Når dette blir skrive, har Unios medlemmer i statssektoren tariffresultatet til vurdering. Uravrøystinga er i full gang. Det er forresten ikkje heilt rett at det er det endelege resultatet som til vurdering. Både justeringsforhandlingar og lokale forhandlingar står att, og skal altså gjennomførast etter at uravrøystinga er gjennomført. Medlemmene blir i realiteten bedne om å vurdere sjansen – grunnlaget - for å oppnå eit akseptabelt resultat til sjuande og sist.
Dette er naturlegvis krevjande vurderingar så lenge den enkelte berre kjenner det faktiske resultatet av dei generelle tillegga, og avsetningar av pengesummar det skal forhandlast om seinare. Likevel – tråd med ei sterk ja-tilråding frå forhandlingsutvalet – håper eg medlemmene tar sjansen, og gir klarsignal for å delta i dragkampen om kronene som skal fordelast i dei komande forhandlingane.
Det er sjeldan at ein meklingsprotokoll utløyser jubel og ovasjonar. Men i staten blei det ein profil med mulegheiter for å prioritere utdanningsgrupper. Det var også her slaget om AFP stod. Vi fekk eit brukbart resultat. Men det var så vidt båten bar. Heldigvis forstod Heidi Grande Røys alvoret, og den siste rest av tillit til den vidare AFP- og pensjonsprosess blei berga.
I KS og Oslo kommune ville motparten ikkje ta alvoret inn over seg. Difor blei det streik.. Den kommunale verdsettinga av utdanningsgruppene for svak. Streiken gav ikkje fleire kroner her og no. Men gjennom ein protokoll har arbeidsgjevarane forplikta seg til tydelegare verdsetting av utdanningsgruppene i dei komande tariffoppgjera.
Unio har gjennom denne vinteren og våren lukkast med å sette lønns- og rekrutteringssituasjonen for utdanningsgruppene i offentleg sektor høgt på dagsordenen. Ikkje minst har den alvorlege situasjonen for politi- og lensmannsetaten blitt tydeleggjort. Her har Politiets Fellesforbund vore den fremste faneberaren. Dette skaper naturleg nok forventningar hos medlemmene. Men det skaper også press på arbeidsgjevarane – på forhandlingsmotpartane. No handlar det om å ta ut effekten gjennom dei komande justeringsforhandlingane og dei lokale forhandlingane.
Lukke til – og god sommar.
![Politi forum [picture]](gfx/logony.gif)

Tips en venn