Vert det streik 23. mai?
Riksmeklingsmann Svein Longva har ein svært krevjande utfordring fram mot fredag 23.mai.
Når Unio-stat, LO-stat og YS-stat braut forhandlingane med staten 29.april kl 1030, var det ein kraftfull markering i høve til dei signala staten gav oss under forhandlingane.
Staten argumenterte med at frontfaget (forhandlingsresultatet i privat sektor på 5,6 prosent)har lagt malen på den økonomiske ramma, sjølv om dei veit at arbeidstakarane i staten har vore taparane i den økonomiske festen dei siste åra.
Når staten i tillegg provoserar med å signalisera at dei ikkje vil ha justeringsforhandlingar, der me kan gje spesielle grupper ein tydeleg lønsforbetring, var provokasjonen kraftfull nok til å bryta.
Men ein kan også ta med at det ikkje var mykje framdrift i dei ulike arbeidsgruppene, seniorpolitikk bør vera viktig for staten, fellesbestemmelsane må forbetrast og ikkje minst så gjenstår svært mykje arbeid for å få ein Avtalefesta Pensjon (AFP) som er tilpassa staten sine utdanningsgrupper.
Provokasjonane toppa seg etter at me hadde gått frå forhandlingsbordet, ved at Staten heldt fram forhandlingane med Akademikarane som representerar ca 10 prosent av dei tilsette. Det er brot på all «forhandlingsetikk» å halda fram med ei lite gruppa, når det store fleirtalet som representerar 90 prosent har brote forhandlingane.
Difor startar me meklinga i ein vanskeleg posisjon, absolutt ingen spørsmål i forhandlingane er løyst før meklinga, og klimaet er ikkje det «beste» med dei provokasjonane staten som arbeidsgjevar har stått for.
Me har tre veker på oss for å finna gode løysingar på AFP, den økonomiske ramma, profilen på økonomien (fordelinga på dei 3 elementa), seniorpolitikken, forhandlingsbestemmelsane, fellesbestemmelsane (herunder også justering av ulempetillegga), likelønsutfordringar og ein profil som gjev anledning til spesielle justeringar av einskild grupper (som politiet, prestar, forskarar m.m.)
Eg har vore forhandlingsleiar i mange meklingar før, men aldri hatt så mange uløyste utfordringar med inn i meklinga. Skal me finna løysingar på desse utfordringane, må Staten som arbeidsgjevar ta sitt arbeidsgjevaransvar langt meir alvorleg enn dei har gjort så langt i prosessen.
I dagens arbeidsmarknad er det ikkje nok å lokka med spennande arbeidsoppgåver og trygge tilsettingsvilkår. Løns- og arbeidsvilkår må stå i høve til dei viktige oppgåvene som staten sine tilsette skal løysa. Frå måndag 19.mai vert det intensiv mekling, med frist kl 2400 torsdag 22.mai. Då veit me om forhandlingsviljen til staten var stor nok til å hindra streik.
Større mangfald i politimeistergruppa
Det er positive signal at politidirektøren og justisministaren går nye vegar ved tilsetting av politimeistrar. Tilsettinga av politimeistar i Agder, Telemark og Vest-Finnmark syner at vegen til toppstillingane ute i distrikta ikkje må gå via den tradisjonelle vegen, påtalevegen, som var vanleg i tidlegare tider. PF har i mange år vore opptekne av å få breiare samansetting av politimeister gruppa. Ulik bakgrunn og erfaring har sin verdi inn i eit fellesskap, men det aller viktigaste er å ha fokus på leiareigenskapane, herunder evna til kommunikasjon innad i etaten og med omverda. Leiarutfordringane står i kø i etaten. Det må satsast endå sterkare på å utvikla leiarane til å fylla leiarrolla i eit opent mediasamfunn, og ikkje minst i ein etat som stadig stiller større krav til sine leiarar.I desse lønskamptider, må ein heller ikkje gløyma at skal ein få dei beste leiarane, så kostar det også pengar.
![Politi forum [picture]](gfx/logony.gif)






Tips en venn