«Krava er levert!»

Fredag 4.april starta hovedtariffoppgjeret i Staten. Mange lønsoppgjer har vorte innleia med «frasar» om at dette vert eit svært krevjande oppgjer, men sjeldan har det vore meir sant enn denne gongen.

Norsk økonomi går godt, men det er mangel på arbeidskraft. Konkurransen om arbeidskraft merkar ein også i offentleg sektor. Næringslivet har lang erfaring i å leva med marknadskreftene, men no må faktisk også offentleg sektor tilpassa seg kampen om arbeidskraft.

Løns- og arbeidsvilkår er heilt vesentleg faktor for nesten alle som sluttar i offentleg sektor, for meir spennande og viktige arbeidsoppgåver får ein ikkje.

Privat sektor kom i mål med sitt oppgjer, både AFP-floka fant sin løysing og ei bra økonomisk ramme på 5,6 prosent.

Unio Stat som eg er forhandlingsleiar for, var svært tydelege på opningsdagen at me på ingen måte kan akseptera ein «blåkopi» av oppgjeret i privat sektor.

AFP må finna sin løysing også for offentleg sektor, men me har utfordringar som ikkje privat hadde. Me må sjå AFP-ordninga i samanheng med vår offentlege tenestepensjon og ordninga med særaldersgrenser. Alt dette kan me ikkje løysa på nokre hektiske forhandlingsveker no i vår. Partane må vera sikre på konsekvensane av det ein kjem fram til, og det betyr at ein må truleg dra med seg både offentleg tenestepensjon og særaldersgrensespørsmåla inn i mellomoppgjeret i 2009. For å gjera det, stiller me sjølvsagt krav om at det også må vera streikerett i mellomoppgjeret.

Den økonomiske ramma vert nok den største utfordringa for Staten. Me har eit dokumentert etterslep både når ein ser dei siste ti åra og siste tre åra i høve til privat sektor, som alltid forhandlar først og legg mykje av ramma for alle andre. Skal Staten vera konkuransedyktig i framtida, må ein heva lønsnivået til fleire viktige yrkesgrupper, ikkje minst for politiet som i dag er ei lågtlønsgruppe.

Unio har signalisert at krava på økonomi vil koma på ca 7 prosent, men dei endelege krava vert ikkje lagt fram før me ser om det vart ja eller nei i uravrøystinga i privat sektor. Me har også vore svært tydelege på at me ikkje vil akseptera eit lønsoppgjer med same ramma som privat sektor, me har for mykje dokumentert etterslep.  Staten som arbeidsgjevar har eit ansvar for at dette vert kompensert, dersom ikkje det skjer, står me i ein situasjon som kan enda med konflikt, sjølv med løysing på pensjonsutfordringane.

Begge partar vil jobba for å finna ein forhandlingsløysing, men det vil truleg ikkje vera overraskande om me endar hos meklingsmannen. Meklingsmann Svein Longva har rydda boka og ventar oss rundt 1.mai. Får han besøk av oss, så har han ca tre veker til å finna løysing i samarbeid med partane. Om det ikkje vert løysing, kan politiet vera i Unio-streik frå slutten av mai.

Regjeringa set med nøkkelen til løysing. Soria Moria-erklæringa er god og tydeleg i høve til å satsa på «verdast beste offentlege sektor». Skal ein lukkast med det, må ein innsjå at ein må satsa på arbeidstakarane  som skal utføra dei ulike oppgåvene. Dei ulike fagstatsrådane slepp for lett unna i høve til å satsa på gode løns- og arbeidsvilkår for sin sektor. Standarsvaret er at det er andre som har ansvaret for løns- og arbeidsvilkår. Difor er det vel ikkje overraskande at Politiforum ikkje får svar frå Justisministaren angåande hans syn på lønsoppgjeret og uroa i politiet.

Justisministar Knut Storberget er heilt avhengig av ein velfungerande politietetat, som er villige til å stå på, jobba masse overtid og ofra fritida si, skal han nå sine kriminalpolitiske mål. Justisministaren sin måloppnåelse er med andre ord avhengig av innsatsen til PF sine medlemmar.

No må Justisministaren vera med på å legga grunnlaget for eit nytt lønsnivå for politiet, eit nivå som står i høve til den risiko, belastning og samfunnsfunksjon som politiet faktisk har.

Tips en venn

Send!

Kreativ statistikkføring


Innretter statistikken etter hvordan politiet måles

Bildegalleri

Fotoserie


PHS-avslutning i bilder

Se fotoserie

Nyhetsbrev
Abonnere

Nyttige lenker