Sympati ikkje nok
Unio har argumentert og dokumentert. Det skal vi halde fram med. Vi veit vi har rett, no handlar det om å få rett. Å få gjennomslag for viktige lønnskrav på vegne av medlemmene, men til også til gagn for eit samfunn som er meir og meir avhengig av kompetanse og tryggleik.
Gjennom vinteren har eg møtt mange som uttrykker forståing og sympati både for Unios krav om eit lønnsløft for utdanningsgruppene, og ikkje minst for politiet sin situasjon. Det er bra, og illustrerer viktig støtte i opinionen. Men støtte og sympati er ikkje nok. Vi må ha økonomisk utteljing. Av og til høyrer eg påstandar om at det er umogeleg å ta grep som monnar når det gjeld lønna til politifolk og andre utdanningsgrupper. -Systemet tillet ikkje slike «krumspring», blir det sagt, også frå politisk hald. I så fall må systemet endrast!
Dette tariffoppgjeret blir ein test på viljen til å satse på utdanning, kompetanse og tryggleik. Er her politisk vilje til å satse ekstra på kampen mot kriminalitet? Politisk vilje til å verdsette dei som tar risiko for å verne liv og verdiar, som satsar iherdig på førebygging?
Til sjuande og sist er det regjeringa som blir testa ut. Ikkje minst gjeld det statlege tariffområdet, der regjeringa er både motpart og styresmakt.
Difor har Politiets Fellesforbund i sin lønnskampanje utfordra også statsministeren. Det er det god grunn til. Ikkje fordi det handlar om Jens, men fordi det handlar om statsministeren - regjeringssjefen.
Det førebelse resultatet frå LO - NHO-oppgjeret held ikkje som fasit for offentleg sektor. Utdanningsgruppene skal ikkje berre henge med, vi må starte ei tetting av lønnsgapet.
Regjeringa var ein svært aktiv part i tariffoppgjeret mellom LO og NHO. Eg forventar minst like stort engasjement overfor oppgjeret i det offentlege.
Skal offentleg sektor vere konkurransedyktig, skal samfunnet rekruttere og behalde kompetente politifolk, må lønna betydeleg opp. Låg lønn for utdanning og risiko lønner seg dårleg for Noreg. Og slik gambling vil du vel ikkje satse vidare på, statsminister?
![Politi forum [picture]](gfx/logony.gif)






Tips en venn