«Sutrekampanje»
VG hadde oppslag den 20.februar på at «reklameguru» Ingebrigt Steen Jensen slakter vår reklamekampanje, det vart også fulgt opp av Geir Bjørlo i Geelmuyden.Kiese, medan andre i bransjen som Espen Barås i mediabyrået OMD gav uttrykk for at kampanjen «er kjempebra».
Det VG ikkje skriv i sitt oppslag er at selskapet som Steen Jensen er eigar av, Dinamo Kommunikasjonshus, var ein av 8 som deltok i konkuransen om å få oppdraget med vår kampanje. Dinamo nådde ikkje opp i konkuransen. Kanskje «slakten» frå Steen Jensen er eit utslag av ein «sutrete reklameguru» som er dårleg tapar.
Men uansett så burde eigentleg PF senda blomster til Steen Jensen og ikkje minst Geir Bjørlo som møtte meg til debatt heile kvelden. Utspelet til Steen Jensen skapte den konflikten som skulle til for at kampanjen verkeleg fekk redaksjonell omtale i media, og ikkje minst i debattprogramma. TV 2 synte heile filmen vår i forkant av debatten på Tabloid, ein sånn visning har stor verdi, for filmen vert karakterisert som politisk reklame, og det er ulovleg på TV.
Første del av strategien vår har vore ein suksess. PF har sett dagsorden. Me har fått mykje merksemd, som venta både positiv og negativ (men suverent mest positiv). Postkortaksjonen 27. februar vart svært godt fulgt opp av lokallaga og fekk mykje merksemd i media sentralt og lokalt. Lønsnivået er kommunisert ut, og ikkje minst innhaldet i jobben. Sjølv om me i denne samanheng berre får fokusert ein liten, men viktig del av politiet sine samla oppgåver. Sjølvsagt skulle me fått fram alle sider av medlemsmassen sine utfordringar, sivile sin situasjon, etterforskarane og leiarane. Me har valt å fokusera på den operative kvardagen, ikkje minst ut frå at den er «lettast» å kommunisera i eit «kampanjebodskap».
Eit stort fleirtal av folket støttar oss, 70-80 % meinar at politiet tenar for dårleg i høve til den viktige jobben politiet
har i samfunnet. Mange trudde før kampanjen at politiet har langt høgare byrjarløn, og at me har risikotillegg. Fakta er viktig. Sjølvsagt vil nokon hevda at politiet heller ikkje kommuniserar heile sanninga, når me fokuserar på grunnløna. Sjølvsagt fokuserar me på grunnløna, me vil ha fokus på kor dårleg ein tenar for å jobba ei «normal arbeidsveka». Jobbar ein turnus, natt, helg og 17.mai får ein sjølvsagt tillegg som andre yrker. At mange også vert pålagt å jobba alt for mykje overtid er også eit faktum. Skal politiet verta straffa lønsmessig for at staten ikkje har skaffa nok politifolk, og difor må pålegga overtid langt utover det som andre arbeidstakarar har? Andre har til og med vern i høve til dette i arbeidsmiljølova.
Jens Stoltenberg er mottakaraen av bodskapen vår. Eg både håpar og reknar med at han lyttar til fleirtalet i folket. Tilsette i Politiet fortenar betydeleg høgare løn for den viktige samfunnsrolla og den risikoen ein vert utsett for.
Fase 1 er avslutta, nye fasar ventar i lønskampen. Kor langt me må gå er ikkje opp til meg å avgjera. Det er faktisk Jens Stoltenberg som både kan skapa ro omkring politiet sine løns- og arbeidsvilkår, og det er han som avgjer om det verkeleg vert uro.
![Politi forum [picture]](gfx/logony.gif)






Tips en venn